Yesterday Once More

Yesterday Once More
Singel av The Carpenters
B-side

«Road Ode»

Språkengelsk
Utgjeve16. mai 1973
Innspelt1973
SjangerPop
Lengd3:56
SelskapA&M 1446
KomponistJohn Bettis, Richard Carpenter
TekstforfattarJohn Bettis, Richard Carpenter
Låtskrivar(ar)Richard Carpenter, John Bettis
ProdusentJack Daugherty
The Carpenters-kronologi 
«Sing»
(1973)
Yesterday Once More«Top of the World»
(1973)


«Yesterday Once More» er ein song skriven av Richard Carpenter og John Bettis er ein hitsong av The Carpenters frå albumet Now & Then frå 1973.

Singelen nådde andreplassen på Billboard Hot 100 og vart den femte singelen deira som nådde andreplassen. Songen nådde òg toppen av easy listening-lista og vart den åttande singelen deira på toppen av denne lista på fire år.[1] Singelen er den mestseljande singelen til The Carpenters på verdsbasis og den bestseljande singelen i Storbritannia med ein andreplass på singellista der.[2] Richard Carpenter fortalte i ein japansk dokumentar at dette var favoritten hans av alle songane han hadde skrive. Han har sjølv framført ein instrumental versjon av songen på sine eigne konsertar.

Dionne Warwick, ein nær ven av The Carpenters, framførte songen på ein konsert i Las Vegas kvelden før Karen Carpenter døydde i 1983.[3]

Medverkande

Andre versjonar

  • «Hier est près de toi (Sha la la)» av Claude François (Frankrike) i 1973, ein franskspråkleg versjon av Eddy Marnay.
  • I 1973 song den islandkse songarinna Þuríður Sigurðardóttir songen med tittelen «Á valdi minninga» på albumet Þuríður & Pálmi. Den islandske teksten var skriven av Pálmi Gunnarsson.
  • I 1974 song den italienske songaren Dori Ghezzi songen med tittelen «Io sto bene con te».
  • I 1974 song songaren Ami Asplund songen med tittelen «Käy Luonain Eilinen», etterfølgd av seinare finskspråklege versjonar av Katri Helena, Lea Laven og andre.
  • I 1981 spelte The Spinners inn songen som del av ein medley med «Nothing Remains the Same». Medleyen nådde 32. plassen på soul-lista i USA.[4]
  • The Shaggs gav ut sin versjon av songen på samlealbumet Shaggs' Own Thing i 1982.
  • Italo disco-songaren Sabrina Salerno son songen i 1991 på albumet Over the Pop.
  • Redd Kross, eit rock/punkband frå Hawthorne i California spelte songen i 1994 på hyllestalbumet til Carpenters, If I Were a Carpenter. Denne versjonen vart òg gjeve ut som ein dobbel A-side-singel med Sonic Youth sin versjon av «Superstar» for å marknadsføre albumet.
  • Det britiske indierockbandet Cinerama gav ut songen som ei B-side til singelen deira «Superman» i 2001.
  • Den svenske dansbandsongaren Kikki Danielsson song songen i 2006 på albumet I dag & i morgon.

Lister

Liste (1973)Plassering
Canadian Singles Chart1
Oricon internasjonale singelliste1
Oricon (Japansk) singelliste5
UK Singles Chart2
U.S. Billboard Hot 1002
U.S. Billboard Easy Listening1
US Cash Box Top Singles1

Kjelder

Bakgrunnsstoff