Wildest Dreams er det niande soloalbumet til Tina Turner, gjeve ut på Parlophone/Virgin i 1996. Det selde til dobbel platina i Storbritannia og Europa.
Oversyn
Songen «GoldenEye», spelt inn og gjeve ut i 1995, var kjenningsmelodien til James Bond-filmen med same namn. Han vart skriven av Bono og The Edge frå det irske bandet U2. Songen «Confidential» vart skriven og produsert for Turner av den britiske gruppa Pet Shop Boys. Songaren og tekstforfattaren i bandet, Neil Tennant, syng korvokal på songen. Den originale Pet Shop Boys-demoen (med Tennant on vokal) finst på albumet deira Very frå 2001. «Unfinished Sympathy» er ein versjon av Massive Attack-songen. Songen «All Kinds of People» vart skriven i lag med Sheryl Crow. Tina Turner song òg ein duett med Barry White kalla «In Your Wildest Dreams» og denne nådde 32. plassen i Storbritannia. Duettversjonen vart gjeven ut på den amerikanske versjonen av albumet, som hadde ei noko anna sporliste, gjeve ut seks månader etter den første utgåva i Europa og det meste av verda. Versjonen har òg eit anna omslag. Med på albumet er òg Sting på songen «On Silent Wings» og denne nådde 13. plassen i Storbritannia. Wildest Dreams inneheld i alt seks singlar som vart gjevne ut i Europa: «GoldenEye», «Whatever You Want»-skriven i lag med Taylor Dayne, «On Silent Wings», Turner sin versjon av John Waite-songen «Missing You», «Something Beautiful Remains» og tittesporet «In Your Wildest Dreams».
I 1997 vart albumet gjeve ut som i ei avgrensa utgåve i Europa med ei bonusplate med remiksar, andre songar og konsertopptak frå ein konsert i Amsterdam.
Innhald
|
1. | «Do What You Do» | Terry Britten, Graham Lyle, Connor Reeves | 4:23 |
2. | «Whatever You Want» | Arthur Baker, Taylor Dayne, Fred Zarr | 4:52 |
3. | «Missing You» | Mark Leonard, Chas Sandford, John Waite | 4:36 |
4. | «On Silent Wings» (med Sting) | James Ralston, Tony Joe White | 6:12 |
5. | «Thief of Hearts» | Jud Friedman, Hellmut Hattler, Joo Kraus, Allan Rich | 4:05 |
6. | «In Your Wildest Dreams» (med Antonio Banderas) | Mike Chapman, Holly Knight | 5:33 |
7. | «GoldenEye» (Single edit) | Bono, The Edge | 3:27 |
8. | «Confidential» | Chris Lowe, Neil Tennant | 4:39 |
9. | «Something Beautiful Remains» | Britten, Lyle | 4:20 |
10. | «All Kinds of People» | Sheryl Crow, Kevin Gilbert, Eric Pressley | 4:43 |
11. | «Unfinished Sympathy» | Robert Del Naja, Daddy G, Shara Nelson, Jay Sharp, Andrew Vowles | 4:30 |
12. | «Dancing in My Dreams» | Mark Cawley, Kye Fleming, Brenda Russell | 6:45 |
13. | «Love is a Beautiful Thing» (Japansk bonusspor) | Seth Swirsky | 3:45 |
|
1. | «In Your Wildest Dreams» (med Barry White) (Single edit) | Chapman, Knight | 3:48 |
2. | «Something Beautiful Remains» (Joe Urban remix edit) | Britten, Lyle | 4:00 |
3. | «The Difference Between Us» | Nicholas Holland, Camus Mare Celli, Andrés Levin | 4:32 |
4. | «River Deep – Mountain High» (Live, Amsterdam 1996) | Phil Spector, Jeff Barry, Ellie Greenwich | 3:59 |
5. | «We Don't Need Another Hero (Thunderdome)» (Live, Amsterdam 1996) | Britten, Lyle | 6:04 |
6. | «Private Dancer» (Live, Amsterdam 1996) | Mark Knopfler | 9:01 |
7. | «Steamy Windows» (Live, Amsterdam 1996) | Tony Joe White | 3:37 |
8. | «The Best» (Live, Amsterdam 1996) | Chapman, Knight | 7:13 |
9. | «On Silent Wings» (Live, Amsterdam 1996) | Ralston, White | 5:27 |
|
1. | «Missing You» (Alternate mix) | Leonard, Sandford, Waite | 4:40 |
2. | «In Your Wildest Dreams» (med Barry White) | Chapman, Knight | 5:29 |
3. | «Whatever You Want» (Alternate mix) | Baker, Dayne, Zarr | 4:31 |
4. | «Do What You Do» | Britten, Lyle, Reeves | 4:23 |
5. | «Thief of Hearts» | Friedman, Hattler, Krause, Rich | 4:05 |
6. | «On Silent Wings» (featuring Sting) | Ralston, White | 6:12 |
7. | «Something Beautiful Remains» | Britten, Lyle | 4:20 |
8. | «Confidential» | Lowe, Tennant | 4:39 |
9. | «The Difference Between Us» | Holand, Celli, Levan | 4:32 |
10. | «All Kinds of People» | Crow, Gilbert, Presley | 4:43 |
11. | «Unfinished Sympathy» | Del Naja, Marshall, Nelson, Sharp, Vowles | 4:30 |
12. | «GoldenEye» (Soundspor version) | Bono, The Edge | 4:46 |
13. | «Dancing in My Dreams» | Cawley, Fleming, Russell | 6:45 |
14. | «Something Beautiful Remains» (Joe Urban remix edit) (Hidden spor) | Britten, Lyle | 4:00 |
B-sider
Tittel | Singel |
---|
«Do Something» | «On Silent Wings» |
«The Difference Between Us» | «Missing You» |
Medverkande
Produksjon
- Terry Britten – plateprodusent, spor 1 og 9
- Trevor Horn – produsent, spor 2 til 6, 10, 12
- Bono – leiande produsent, spor 7
- The Edge – leiande produsent, spor 7
- Nellee Hooper – produsent, spor 7
- Chris Porter – produsent, spor 8
- Pet Shop Boys (Chris Lowe og Neil Tennant) – produsentar, spor 8
- Garry Hughes – produsent, spor 11
- Andres Levan og Camus Celli – produsentar på «The Difference Between Us» frå ein original produksjon av Trevor Horn
- Tim Weidner – lydteknikar
- Brian Tench – lydteknikar
- Chris Porter – lydteknikar
Lister
Salstrofé
Kjelder