Wetterhorn

Wetterhorn er eit 3 692 meter høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits, nær landsbyen Grindelwald. Fjellet vart klatra fyrste gongen i 1844. Ti år seinare klatra Alfred Wills med fylgje til topps. Denne klatreturen har britiske fjellturistar rekna som innleiinga til den britiske alpinismens gullalder.

Wetterhorn
fjell
Wetterhorn ovan om Grindelwald
Land Sveits
FjellkjedeBern-Alpane
Høgd3 692 moh.
Primærfaktor203 m
Koordinatar46°38′19.5″N 8°6′55.9″E / 46.638750°N 8.115528°E / 46.638750; 8.115528
Lettast tilkomstklatring
FørstestigingMelchior Bannholzer
 - dato31. august 1844
Kart
Wetterhorn
46°38′20″N 8°06′56″E / 46.63875°N 8.1155277777778°E / 46.63875; 8.1155277777778
Wikimedia Commons: Wetterhorn

Fjellmassivet har tre nærståande toppar: Wetterhorn (mest iaugefallande frå Grindelwald), Mittelhorn (høgst) og Rosenhorn.

Ymse

  • Frå 1908 arbeidde ein med å byggje verdas fyrste kabelbane, meint for persontrafikk, til Wetterhorn. Arbeidet stoppa opp i 1915, under 1. verdskrigen. Det vart aldri teke opp att.
  • Winston Churchill var på toppen i 1894.

Bakgrunnsstoff