Waldemar Thrane

norsk komponist

Waldemar Thrane (8. oktober 179030. desember 1828) var ein norsk komponist, fiolinist og orkesterleiar. Han er rekna som Noregs viktigaste musikar først på 1800-talet og ein pioner i norsk musikk.[1]

Waldemar Thrane

Fødd8. oktober 1790
FødestadChristiania
Død30. desember 1828 (38 år)
DødsstadChristiania
OpphavNoreg
Sjangeropera
Instrumentfiolin
Verka somkomponist, dirigent, fiolinist
FarPaul Olsen Thrane

Waldemar Thrane vart fødd i Christiania (no Oslo). I 1814–15 studerte han hjå fiolinisten Baillot i Paris.[treng kjelde]

Komposisjonane hans har kjenneteikna til wienerklassisismen — den vanlege stilen i Europa på den tida. I syngjespelet Et Fjeldeeventyr (1824) vart òg norsk folkemusikk brukt som kjelde — ofte rekna som det første steget på vegen mot ein nasjonal norsk musikkultur. «Aagots Fjeldsang» har ein innleiande lokk og er dermed den einaste songen i syngjespelet med eit nasjonalt element. Resten av Et Fjeldeventyr vert sunge av byfolk eller embetsmenn. Vi møter allereie det såkalla «Griegske ledemotiv» i lokken (fallande sekund og ters) fleire stader i lokken, til dømes i det avsluttende utbrotet «Aa stakkar».

Kjelder

Denne musikarartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.