Waipa District

Waipa District Council i regionen WaikatoNew Zealand omfattar Te Awamutu, Cambridge og fleire mindre byar. Distriktet sitt administrasjonssenter ligg i Te Awamutu. Like nord for distriktet ligg den største byen i regionen, Hamilton og distriktet Waikato. Mot aust dannar elva Waikato River det meste av grensa mot distrikta Matamata-Piako og South Waikato, og i sør ligg distriktet Otorohanga.

Waipa District
Folketal:44 700
(estimat juni 2008)
Største by:Te Awamutu
Andre byar:Kihikihi, Pirongia
Distriktsstyre
Namn:Waikato District Council
Leiar:Alan Livingston
Areal:1 473,47 km²
Heimeside:http://www.waipadc.govt.nz
Sjå òg:Hamilton City, Matamata-Piako og South Waikato
Regionstyre
Namn:Environment Waikato
Heimeside:http://www.ew.govt.nz

Det ligg fleire naturvernområde i distriktet, mellom anna det knapt 1 000 m høge fjellet Mount Pirongia og det knapt 800 m høge Mount Maungataurari. Innbyggjartalet i distriktet var i juni 2008 estimert til 44 700[1], der om lag 35% budde i kvar av dei to største byane. Flatevidda til distriktet er 1 473,47 km².

Økonomien i området er for ein stor del basert på mjølke- frukt- og kornprodukjson. I det søraustre hjørnet i distriktet ligg vasskraftverka ved innsjøen Karapiro.

Referansar

Bakgrunnsstoff