Wadi Rum

Wadi Rum (arabisk وادي رم) òg kalla Månedalen (arabisk وادي القمر) er ein dal som har skjert seg ut i sandstein og granitt sør i Jordan, 60 km aust for Akaba. Han er den største wadien i Jordan.[1] Namnet Rum kjem truleg frå ei arameisk rot som tyder 'høg'.[2]

Wadi Rum
وادي رم
dal
Fjell i Wadi Rum
Land Jordan
GuvernementAkaba guvernement
Høgd1 750 moh.
Koordinatar29°34′35.4″N 35°25′11.74″E / 29.576500°N 35.4199278°E / 29.576500; 35.4199278
Areal720 km²
Busett8000 fvt.
StyreAkaba Special Authority
Verdsarvstad
År2011 (#35)
Nummer[http://whc.unesco.org/en/list/1377 1377 1377]
Kriteriumi, iii, iv
Kart
Wadi Rum
29°34′35″N 35°25′12″E / 29.5765°N 35.419927777778°E / 29.5765; 35.419927777778
Wikimedia Commons: Wadi Rum

Historie

Helleristingar i Wadi Rum

Wadi Rum har vore busett av mange kulturar sidan førhistorisk tid, og mange av dei har etterlate seg spor i form av helleristingar og tempel, inkludert nabatearane.

I vesten er Wadi Rum mest kjend for tilknytinga til den britiske offiseren T.E. Lawrence, som kryssa området mange gonger under arabaropprøret i 1917–18.[3] I 1980-åra vart ein av steinformasjonane i Wadi Rum kalla «Dei sju visdomssøylene» eller boka til Lawrence, som han skreiv etter boka, sjølv om 'Dei sju søylene' som vert omtalte i boka ikkje har noko med Rum å gjere.

Geografi

Området er sentrert kring dalen Wadi Rum. Det høgaste punktet i Jordan er Um Dami på 1840 moh., og ligg 30 km sør for landsbyen Wadi Rum. På ein klår dag er det mogeleg å sjå Raudehavet og grensa til Saudi-Arabia frå toppen.

Jabal Rum (1734 moh.) er det nest høgaste punktet i Jordan og den høgaste toppen sentralt i Rum,[4] og stig direkte opp frå Rumdalen ovanom Jebel um Ishrin, som er kring éin meter lågare.

Det finst mange helleristingar på veggane i Khaz'ali-kløfta som syner menneske og antiloper, datert attende til thamudisk tid. Landsbyen Wadi Rum har nokre hundre beduinske innbyggjarar med geitehårstelt og betonghus, ein skule for gutar, ein for jenter, nokre få butikkar og hovudkvarteret til Ørkenpatruljen.[5]

Turisme

Wadi Rum er heimstaden til Zalabia-beduinar, som arbeider med klatrarar og turgåarar, og har utvikla ein økoturisme i området, som no er hovudkjelda deira. Område er eit av dei viktigaste turistmåla i Jordan, med stadig fleire utlendingar, særleg fjellklatrarar og fjellturistar, men òg for kamel- eller hestesafari, eller folk som berre er på dagstur frå Akaba eller Petra.

Filmar

Fleire filmar er spelte inn dette området:

  • Lawrence of Arabia - David Lean filma det meste av filmen sin frå 1962 i Wadi Rum.[6]
  • Red Planet - Wadi Rum vart nytta so overflata på Mars i denne filmen frå 2000.
  • Passion in the Desert - 1998
  • The Face - BBC-film om fjellklatring i Rum.
  • Transformers: Revenge of the Fallen - representert for å vere i Egypt
  • The Frankincense Trail - scenar frå tog og frå lufta.
  • Prometheus - scenar frå Alien-planeten[7]
  • Krrish 3 - songen 'Dil Tu Hi Bata'

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff