Vossestrand

tidlegare kommune i Hordaland fylke i Noreg

Vossestrand er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Hordaland fylke som frå 1837 var ein del av Voss formannskapsdistrikt.

Hotel Stalheim på Vossestrand.

Europaveg 16 og riksveg 13 går gjennom Vossestrand.

Folk frå Vossestrand

Sivlegarden på Stalheim der Per Sivle voks opp.
Foto: Frode Inge Helland

Skihopparen og OL-vinnaren Lars Bystøl og forfattaren Sjur Bygd kjem frå Myrkdalen på Vossestrand. Forfattaren Per Sivle voks opp på Vossestrand.

Vossestrand herad 1868-1964

1. januar 1868 vart Vossestrand skilt ut frå Voss som eigen kommune. Vossestrand hadde då 2 009 innbyggjarar.21. august 1869 vart ein ubebudd del av Voss overført til Vossestrand ved kongeleg resolusjon.

1. januar 1964 vart Vossestrand, det meste av Evanger kommune (unnateke Bergsdalen og Eksingadalen) og Voss slegne saman til den nye Voss kommune. Vossestrand hadde ved samanslåinga 1 573 innbyggjarar.

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for tidlegare Vossestrand kommune frå 1868 til 1964:

1.1.18681.12.1920[1]1.12.1930[2]3.12.1946[2]1.1.1951[3]1.1.1961[3]1.1.1964
2009186818511838171715701573

Politikk

Heradstyrerepresentantar

Det første listevalet i Vossestrand vart halde i 1919.

ÅrVenstreRein VenstrelisteBondepartietUpolitisk listeArbeidarpartietFråhaldsfolketKristeleg FolkepartiHeimefrontenHøgre
1919[4]106
1922[5]31021a
1925[6]31021b
1928[7]3841
1931
1934[8]3931c
1937[9]2941c
1945[10]19231
1947[11]29131
1951[12]21131
1955[13]1241
1959[14]112d31

a«Arbeidarlista»
b«Arbeidar- og smaabrukarlista»
c«Kristeleg Folkeparti og Fråhaldsfolket»
d«Bygdelista»

Fotnotar

Bakgrunnsstoff