Vladana Vučinić

montenegrinsk songar (1986–)

Vladana Vučinić (fødd 18. juli 1986), profesjonelt kjend som Vladana, er ein montenegrinsk songar og låtskrivar. Ho representerte Montenegro i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia med låten «Breathe».[1]

Vladana Vučinić

Fødd18. juli 1986 (37 år)
FødestadPodgorica
Fødenamnmontenegrinsk-kyrillisk: Владана Вучинић
AliasVladana
OpphavMontenegro
Aktiv2003–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar, låtskrivar

Bakgrunn

Vučinić vart fødd i dåverande Titograd i Jugoslavia. Ho fekk kontakt med musikkbransjen allereie som barn, takka vere bestefaren Boris Nizamovski, som leia den makedonske foreininga for sceneartistar. Han var også manager for det makedonske musikkensemblet Magnifico.[2] Vučinić er musikkutdanna med fordjuping innan musikkteori og operasong. Ho har også ein journalistikkgrad frå Montenegros statlege fakultet for statsvitskap.[2]

I 2003 hadde Vučinić fjernsynsdebuten sin på eit nasjonalt karaokeshow. Same år gav ho ut debutsingelen «Ostaćeš mi vječna ljubav», som ho framførte under musikkfestivalen Pjesma Mediterana i Budva i Montenegro.[3] I mars 2005 deltok Vučinić i songtevlinga Montevizija 2005 med songen «Samo moj nikad njen».[4] Ho enda på 18. plass og gjekk dimed ikkje vidare til Evropesma-Europjesma 2005, som skulle kåre Serbia og Montenegro sitt bidrag til Eurovision Song Contest 2005.[5] Året etter deltok ho igjen i Montevizija 2006, denne gongen i duett med Bojana Nenezić og songen «Željna».[6] Med ein ellevteplass kvalifiserte dei seg til Evropesma-Europjesma 2006 og enda til slutt som nummer 15.[7] Seinare i 2006 framførte Vučinić songen sin «Kapije od zlata» i nykommar-klassen under musikkfestivalen Sunčane skale.[8] Sidan følgde fleire singlar, blant anna «Kao miris kokosa», der musikkvideoen vart den mest viste i landet.[8]

I 2009 gav Vućinić ut sin fyrste engelskspråklege singel, «Bad Girls Need Love Too»,[8] og 13. desember 2010 kom debutalbumet Sinner City.[2]

Vućinić lanserte eit motemagasin på nett, Chiwelook (Čiviluk), bygd på kommentarar og kronikkar frå motedesignarar i Montenegro.[9] I kraft av si rolle som grunnleggjar og redaktør har ho sjølv bidrege til magasinet med ulike spalter og ei rekkje artiklar om mote, musikk, kultur og politikk.[10]

Den 4. januar 2022 kunngjorde den montenegrinske ålmennkringkastaren RTCG at Vučinić skulle representere landet i Eurovision Song Contest 2022.[11] Dagen etter vart det kjent at ho skulle framføre den engelskspråklige songen «Breathe».[12] Ho enda nest sist i semifinalen og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen.[13]

Diskografi

Studioalbum

TittelDetaljar
Sinner City
  • Utgjeve: 15. desember 2010
  • Merke: utgjeve på eige forlag
  • Format: Digital nedlasting, strøyming

Singlar

TittelÅrAlbum
«Ostaćeš mi vječna ljubav»2003Ikkje frå album
«Noć»2004
«Samo moj nikad njen»2005
«Nježna»
(med Bojana Nenezić)
2006
«Kao miris kokosa»
«Kapije od zlata»
«Poljubac Kao Doručak»2007
«Bad Girls Need Love Too»2009Sinner City
«Sinner City»2010
«Breathe»2022Ikkje frå album
«Prevarena»

Kjelder