Wisła (tysk: Weichsel; tsjekkisk: Visla; latin: Vistula) er den lengste elva i Polen med ei lengd på 1047 km. Ho drenerer eit område på 194 424 km², der 168 699 km² ligg i Polen (over halvparten av landarealet til landet) [1].
Det er ikkje kjend om rota til namnet Vistula er indoeuropeisk eller urindoeuropeisk. Endingar som -ila og -ula vart nytta i mange indoeuropeiske språkgrupper, som germansk og latinsk, noko som gjer det vanskeleg å fastsette opphavet til namnet. Namnet vart først nytta av Plinius den eldre i år 77 e.Kr i Naturalis Historia. Han nyttar namnet Vistula (4.52, 4.89) og den alternative forma Vistillus (3.06). Vistula rann ut i Mare Suebicum, som vi kjenner som Austersjøen. Frå dei forskjellige kjeldene kan ein kome fram til at svebarar og burgundarar heldt til vest for deltaet, og at det austgermanske gotarane og føregjengarane deira, Oksywie-kulturen, heldt til ved sjølve deltaet. Områda aust for Wisła var busett av baltisktalande folkegrupper som galindarar, sudovarar og prøyssiske folk.
Ein veit derimot lite om desse folkegruppene i området.[2].
Klaudios Ptolemaios skriv òg om folkegruppene rundt Wisła, som han ser på som grensa mellom Germania og Sarmatia. Han nyttar den greske stavinga Ouistoula. Andre forfattarar i antikken nyttar forma Istula. Pomponius Mela refererer til Visula (Bok 3) og Ammianus Marcellinus til Bisula (Bok 22), begge manglar bokstaven t. Jordanes (Getica 5 & 17), nyttar forma Viscla. Det anglosaksiske diktet «Widsith» referer til elva som Wistla.
Wisła var tidlegare knytt til elva Dnepr og dermed til Svartehavet. Vassvegen Austersjøen-Wisła-Dnepr-Svartehavet var ein av dei viktigaste gamle handelsrutene, Ravvegen, der rav og andre varer vart ført frå Nord-Europa til Hellas, Asia, Egypt og andre stader.
I fleire hundreår var elva i Tyskland og landa rundt kjend under det tyske namnet Weichsel (i tyske dokument i mellomalderen òg skrive Wissel og Wixel). Den siste istida i Nord-Europa, som enda i rundt 10 000 f.Kr. vert kalla Weichsel-istida. Russarane kalla Polen Wisła-provinsen under tsarstyret på 1800-talet.
Wisła er framkommeleg, men store delar av ho møter ikkje krava til moderne innanlands skipsfart. Frå Austersjøen til Bydgoszcz (der Bydgoszczkanalen munnar ut i elva) kan mellomstore fartøy av CEMT klasse II ta seg opp Wisła. Vidare oppover er ho for grunn til at elvelektarar kan gå.
Oppfor Warszawa vart det starta eit prosjekt for å auke kapasiteten i elva ved å bygge fleire sluser i Krakow-området. Dette prosjektet vart ikkje heldt fram vidare nedover elva, så det er framleis vanskeleg å ta seg fram i elva. Om ein restaurerer aust-vest-vegen via Narew - Bug - Mukhavets - Pripjat - Dnepr kan Wisła igjen verte ein viktig vassveg i framtida.