Views from a Red Train

Views from a Red Train
Studioalbum av Tangerine Dream
UtgjeveApril 2008
Innspelt2008
Sjanger
Lengd39:58
SelskapEastgate
ProdusentEdgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Purple Diluvial
(2008)
Views from a Red TrainThe Anthology Decades - The Space Years Volume One
(2008)


Views from a Red Train er det 104. albumet totalt og det 41. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i april 2008.[1]

Dette albumet var opphavleg tenkt som eit soloalbum for Edgar Froese sommaren 2007, men kom til slutt ut som eit Tangerine Dream-album. Alle komposisjonane er komponerte av Froese, men han hadde med seg eitt eller to medlem frå bandet på kvart av spora.[1]

Fleire av spora var blitt framført på konsertar av Tangerine Dream før albumet kom ut, og då innhaldet på albumet vart publisert tidleg i 2008 sakna Tangerine Dreams-fansen eit spor kalla «Carmel Calif». Etter ynskje frå fansen valde Tangerine Dream å omarrangere heile sporlista og leggje til dette sporet, som opna albumet.[1]

I mars 2009 kom albumet ut på ny med eit anna plateomslag. I tillegg kom albumet ut på dobbel vinyl sommaren 2009 i lag med platene Summer in Nagasaki og Autumn in Hiroshima.

Innhald

Nr.TittelLengd
1.«Carmel Calif»7:32
2.«Passing All Signs»6:14
3.«Leviathan»7:01
4.«Hunter Shot by a Yellow Rabbit»9:33
5.«Nutshell Awakening»6:37
6.«One Night in Space» (remiks frå 2008)6:55
7.«Serpent Magique»9:20
8.«Lord of the Ants»9:40
9.«Fire on the Mountain»7:41
10.«Sound of a Shell»6:41

Medverkande

  • Edgar Froese - klaverinstrument, komponist
  • Thorsten Quaeschning - trommer på spor 3 og 6
  • Bernard Beibl – gitar på spor 1, 3, 5, 6 og 10.
  • Iris Camaa - perkusjon på spor 4, 5 og 9
  • Linda Spa - horn og sopransaksofon på spor 7 og 8.

Kjelder