Vestre Aker prosti

Vestre Aker prosti er eit tenestedistrikt i Oslo bispedømme i Den norske kyrkja.Prosten har sete i Vestre Aker.

Vestre Aker kyrkje

Sokn

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom Oslo kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.

Frå 2015 er dei tre tidlegare sokna Bakkehaugen, Majorstuen og Vestre Aker slått saman til eitt.[1]

SoknKyrkjeKyrkjeleg fellesråd
Bakkehaugen, Majorstuen og Vestre Aker soknBakkehaugen kyrkje
Majorstuen kyrkje
Vestre Aker kyrkje
Oslo
Grefsen soknGrefsen kyrkjeOslo
Maridalen soknMaridalen kyrkjeOslo
Nordberg sokn i OsloNordberg kyrkje i OsloOslo
Ris soknRis kyrkje
Holmenkollen kapell
Oslo
Røa soknRøa kyrkjeOslo
Skøyen soknSkøyen kyrkjeOslo
Sørkedalen soknSørkedalen kyrkjeOslo
Ullern soknUllern kyrkje i OsloOslo
Voksen soknVoksen kyrkjeOslo

Prestegjeld

Prestetenesta var tidlegare leia lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Vestre Aker prosti desse prestegjelda:

  • Vestre Aker prestegjeld med
    • Vestre Aker sokn
    • Bakkehaugen sokn
  • Majorstuen prestegjeld med
    • Majorstuen sokn
  • Skøyen prestegjeld med
    • Skøyen sokn
  • Ris prestegjeld med
    • Ris sokn
  • Nordberg prestegjeld med
    • Nordberg sokn
    • Maridalen sokn
  • Ullern prestegjeld med
    • Ullern sokn
  • Røa prestegjeld med
    • Røa sokn
    • Sørkedalen sokn
  • Voksen prestegjeld med
    • Voksen sokn

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Fotnotar

59°56′11″N 10°43′45″E / 59.93639°N 10.72917°E / 59.93639; 10.72917