Verdsmeisterskapen i sjakk 2014

Verdsmeisterskapen i sjakk 2014 var ein tittelkamp i sjakk mellom regjerande verdsmeister Magnus Carlsen og utfordrar Viswanathan Anand (vinnar av kandidatturneringa).[2] Tittelkampen blei spelt i Sotsji i Russland, og det var satt av tre veker til hendinga, frå 7. til 28. november 2014. Formatet for kampen var «best av tolv parti», der siger gir eitt poeng, og remis gir eit halvt poeng til kvar spelar. Spelaren som først når seks og eit halvt poeng, står att som ny verdsmeister. Den 23. november avgjorde Carlsen med siger mot Anand i det ellevte partiet, og den totale poengsummen 6½ mot 4½. Det var difor ikkje naudsynt å spele alle tolv partia.

Regjerande verdsmeisterUtfordrar
Magnus Carlsen
Magnus Carlsen
Viswanathan Anand
Viswanathan Anand
Noreg Magnus CarlsenIndia Viswanathan Anand
(Sluttstillinga etter 11 spilte parti) Magnus Carlsen forsvarte verdsmeistertittelen.
Fødd 30. november 1990
(23 år)
Fødd 11. desember 1969
(44 år)
Vinnar av
Verdsmeisterskapen i sjakk 2013
Vinnar av
kandidatturneringa 2014
ELO-rating: 2863 (nr. 1)[1]ELO-rating: 2792 (nr. 6)[1]

Kandidatturneringa

Kandidatturneringa gjekk føre seg i Khanty-Mansijsk i perioden 12.–31. mars 2014. Alle spelarane møtte kvarandre to gonger, der uavgjort ga ½ poeng og seier 1. Viswanathan Anand vann turneringa, og blei dermed kvalifisert til å møte Magnus Carlsen i kampen om Verdsmeister-tittelen.

Deltakarar

Kriterium for deltakingKvalifiserte deltakarar
Dei to øvst plasserte etter Verdscupen i sjakk 2013  RUS Vladimir Kramnik
 RUS Dmitrij Andrejkin
Dei to øvst plasserte i Grand Prix 2013  BUL Veselin Topalov
 AZE Shakhriyar Mamedyarov
Dei to høgst rangerte spelarane i 2012/2013  ARM Levon Aronian
 RUS Sergej Karjakin
Tapande finalist Verdsmeisterskapen i sjakk 2013  IND Viswanathan Anand
Spelar vald av kandidatturneringas organisasjonskomite.  RUS Peter Svidler

Resultat

PlassDeltakarRating
Mars 2014
1
(VA)
2
(SK)
3
(VK)
4
(SM)
5
(DA)
6
(LA)
7
(PS)
8
(VT)
PoengVed lik score
Innbyrdes
oppgjer
Antal
sigrar
SBS
1  IND Viswanathan Anand2770½ - ½½ - ½1 - ½½ - ½1 - ½½ - ½½ - 1357,25
2  RUS Sergej Karjakin2766½ - ½0 - 1½ - ½½ - ½0 - 1½ - 1½ - ½351,75
3  RUS Vladimir Kramnik2787½ - ½1 - 01 - ½½ - ½½ - ½½ - 00 - 17349,25
4  AZE Shakhriyar Mamedyarov27570 - ½½ - ½0 - ½1 - ½0 - 11 - ½½ - ½72348,00
5  RUS Dmitrij Andrejkin2709½ - ½½ - ½½ - ½0 - ½½ - 10 - ½1 - ½7248,50
6  ARM Levon Aronian28300 - ½1 - 0½ - ½1 - 0½ - 01 - ½½ - ½345,00
7  RUS Peter Svidler2758½ - ½½ - 0½ - 10 - ½1 - ½0 - ½1 - 0½346,00
8  BUL Veselin Topalov2785½ - 0½ - ½1 - 0½ - ½0 - ½½ - ½0 - 16242,25

Verdsmeisterskapen

Timeplan

Kvart parti starta klokka 15.00 MSK (UTC+3, dvs. klokka 13.00 norsk tid).[3]

DatoDagHending
7. november 2014FredagOpningsseremoni[4]
8. november 2014Laurdag1. parti
9. november 2014Sundag2. parti
10. november 2014MåndagKviledag
11. november 2014Tysdag3. parti
12. november 2014Onsdag4. parti
13. november 2014TorsdagKviledag
14. november 2014Fredag5. parti
15. november 2014Laurdag6. parti
16. november 2014SundagKviledag
17. november 2014Måndag7. parti

DatoDagHending
18. november 2014Tysdag8. parti
19. november 2014OnsdagKviledag
20. november 2014Torsdag9. parti
21. november 2014Fredag10. parti
22. november 2014LaurdagKviledag
23. november 2014Sundag11. parti
24. november 2014MåndagKviledag
25. november 2014Tysdag12. parti (blei ikkje spelt)
26. november 2014OnsdagKviledag
27. november 2014TorsdagDersom uavgjort etter 12. parti:
fire parti hurtigsjakk, og evt. lynsjakk
TBATBAAvslutningsseremoni

Premiering

Premiane blir utbetalte i Euro og fordelt med 60% til vinnaren og 40% til andreplassen.

Totalt1.000.000
Vinnar600.000
2. plass400.000

Resultat

Verdsmeisterskapen i sjakk 2014
(Kvart parti er lenkja til ei oversikt på chessbomb.com.)
RatingParti 1
8. nov
Parti 2
9. nov
Parti 3
11. nov
Parti 4
12. nov
Parti 5
14. nov
Parti 6
15. nov
Parti 7
17. nov
Parti 8
18. nov
Parti 9
20. nov
Parti 10
21. nov
Parti 11
23. nov
Parti 12
25. nov
Poeng
Magnus Carlsen2863½10½½1½½½½1Blei ikkje
Viswanathan Anand2792½01½½0½½½½0naudsynt

Referansar

Bakgrunnsstoff