Verdsmeisterskapen i sjakk 1951

Verdsmeisterskapen i sjakk i 1951 vart spela mellom regjerande verdsmeister Mikhail Botvinnik og David Bronstein, begge frå Sovjetunionen, i Moskva frå 15. mars til 11. mai 1951.

Tvikampen vart spela som best over 24 parti. Viss kampen enda uavgjort 12-12, ville Botvinnik behalde verdsmeister-tittelen.

Bronstein leia etter 22 rundar med 11,5-10,5, og ville bli verdsmeister med to remisar i dei to siste partia. Men Botvinnik vann det 23. partiet, og heldt deretter remis i det 24. partiet, og beheldt dermed verdsmeister-tittelen.

Resultat

Verdsmeisterskapen i sjakk 1951
123456789101112131415161718192021222324Poeng
Mikhail Botvinnik½½½½011½½½01½½½½0½1½001½12
David Bronstein½½½½100½½½10½½½½1½0½110½12

Bakgrunnsstoff