Vegsalt

Vegsalt er eit saltprodukt som ein bruker til å strø på vegar. Det kan brukast til å smelta is på vegen eller til å redusera støving.Tradisjonelt har ein brukt vegsalt for å redusera støving frå grusvegar. Med asfalterte vegar er det vanlegast å bruka vegsalt til å smelta snø og is slik at det blir lettare og tryggar å ferdast på dei.

Saltspreiar montert bak på ein brøytebil.
Magnesiumklorid til vegbruk.

Det vanlegaste vegsaltet er natriumklorid, eller vanleg koksalt. Kalsiumklorid og magnesiumklorid (MgCl2) kan også brukast, anten i særleg kaldt vêr eller når hovudføremålet er å dempa støving. Natriumklorid verker berre ned til rundt temperaturar rundt -7 °C, medan magnesiumklorid er verknadsfullt ned til -15 °C.[1] Magnesiumklorid kan brukast til salting av grusvegar om sommaren eller når det oppstår mykje svevestøv vinterstid.[1]

Ein kan også bruka andre stoff i vegsaltet, som sukkerhaldig saft, som kan forseinka frysinga av nedbør på vegar.[2] og betra verknaden av saltet ved svært låge temperaturar. Forsøk i Canada har til dømes vist at bruk av sukker kan senka frysepunktet heilt ned til -25 °C.[3]

Vegsalting er omdiskutert, ettersom salt kan ha ein negativ effekt på miljøet[4][5] og kan føra til korrosjon (rust) på køyretøy. Dei ulike saltprodukta har ulike verknadar, der magnesiumklorid fører til meir korrosjon enn natriumklorid.[1]Ulike vegvesen som Statens vegvesen har derfor arbeidd for å redusera bruken av vegsalt.[4]

Kjelder