Vangen kyrkje

kyrkje ved Aurlandsvangen
Denne artikkelen er om Vangen kyrkje i Aurland, for Vangskyrkja på Voss sjå Voss kyrkje.

Vangen kyrkje er ei einskipa steinkyrkje midt på Aurlandsvangen i Aurland kommune i Vestland.

Vangen kyrkje
kyrkje
Land Noreg
FylkeVestland
KommuneAurland
KyrkjesamfunnDen norske kyrkja
BispedømeBjørgvin
ProstiSogn
SoknVangen
FellesrådAurland
StadAurlandsvangen
TypeLangkyrkje
PeriodeTidleg gotikk
TeknikkKistemur
MaterialStein
TårnStopul i tre
PreikestolFrå 1600-talet
DøypefontFrå 1928, i kleberstein
AltartavleFrå 1926, av Anton Lang
SitjeplassarCa. 270
DiverseGlasmåleri frå 1926 av Emanuel Vigeland
Kart
Vangen kyrkje
60°54′21″N 7°11′17″E / 60.9059°N 7.188°E / 60.9059; 7.188
Wikimedia Commons: Vangen kyrkje
Interiør
Foto: florisla

Kyrkja vert òg kalla Sognedomen og har vore omtala som Sogn domkyrkje. Ho er den største mellomalderkyrkja i Sogn. Ein reknar med at kyrkja er bygd tidleg på 1200-talet, men at det då var det som sidan vart kor som var heile kyrkja, og at det store kyrkjeskipet vart bygd til på slutten av 1200-talet. Under restaurering i 1860 vart det funne eit skinnbrev datert 1202 i altaret, det er seinare kome bort. Døypefonten frå 1200-talet er i Bergen Museum.

Klokkestopul i tre

Kyrkja er soknekyrkje i Vangen sokn i Sogn prosti. Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg ho i Aurland prestegjeld.

Kjelder

Bakgrunnsstoff