Vandrealbatross

fugleart

Vandrealbatross (Diomedea exulans) er ein stor sjøfugl i albatrossfamilien med ei sirkumpolar utbreiing i Sørishavet. Det var den første arten av albatrossane som vart skildra, og han vart lenge rekna som same art som gulnasealbatross, Thalassarche chlororhynchos, tidlegare kalla tristanalbatross. Han er den største medlemmen av slekta Diomedea (storalbatrossar), og er ein av dei mest kjente og studerte fugleartar i verda.

Vandrealbatross
Vandrealbatross foto
Vandrealbatross foto
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av vandrealbatross
Utbreiinga av vandrealbatross
Systematikk
Rike:Dyr Animalia
Rekkje:Ryggstrengdyr Chordata
Klasse:Fuglar Aves
Orden:Procellariiformes
Familie:Diomedeidae
Slekt:Diomedea
Art:Vandrealbatross D. exulans
Vitskapleg namn
Diomedea exulans

Skildring

Vandrealbatross i flukt aust for Tasmania
Foto: JJ Harrison
Egg frå vandrealbatross

Vandrealbatrossen har størst vengespenn av alle nolevande fuglar med gjennomsnittleg vengespenn på 3,1 meter målt i store koloniar.[1][2] Det største kjente eksemplaret skal ha hatt vengespenn på opp til 3,6 m,[3] upålitande rapportar om så mykje som 5,3 m er kjent.[4] Med hjelp av dei store vengene er fuglen i stand til å gli gjennom lufta i fleire timar utan å slå vengene, han glir 22 meter for kvar meter han mistar høgd. Kroppslengda varierer mellom 107–135 centimeter, og dei veg i området 6,7-11,9 kilogram, hannar er større enn hoer og veg mest.[5] Umodne fuglar er registrert med kroppsvekt på så mykje som 16,1 kg på dei første flygingane sine.[4] Fjørdrakta varierer med alderen, men vaksne har kvite kroppar med svarte og kvite venger. Hannar har mest kvitt på vengene, berre tupp og bakkant på vengene er svarte. Dei viser også ein svak ferskenfarga flekk på sida av hovudet. Vandrealbatrossen er den lysaste av albatrossartane, andre artar har mykje meir brunt og svart på venger og kropp i hekkedrakt, som umodne vandrealbatrossar. Nebb og føter har rosa farga. Ovanfor nasepassasjen på vandrealbatrossar ligg ein kjertel som sondrar ut salt. Det hjelper til å avsalte kroppen, salt som fuglane får i seg på grunn av det høge mengda havvatn dei absorberer. Kjertelen skil ut ei sterk saltoppløysing.[6]

Fuglen beitar om natta[7] og tar blekksprut, småfisk, krepsdyr og avfall som flyt på overflata, dei kan ete slike mengder at dei får vanskar med å lette opp frå sjøen og må kvile hjelpelaust på vatnet. Dei kan òg gjere grunne dukk.

I mesteparten av livstida si er vandrealbatrossar på vengene, dei landar berre for å ete og å hekke. Ein ringmerkt fugl vart registrert i å gjere ei reise på 6000 kilometer på tolv dagar, elles finst det få målingar på rekkjevidda.

Verdspopulasjonen var estimert til 20 000 kjønnsmodne individ i 2010.[8] Levetida kan bli over 50 år.[9]

Reproduksjon

Vandrealbatrossar hekkar anna kvart år.[7] I hekketida okkuperer dei lause koloniar på isolerte øygrupper i Sørishavet. Dei legg eitt egg som er kvitt, med nokre få flekker, egget er ca. 10 cm langt. Egglegginga skjer mellom 10 desember og 5. januar. Reiret er ein stor haug bygd av graskledd vegetasjon og jord eller torv,[1] det kan vere ein meter i diameter i botnen og ein halv meter øvst. Rugetida varer i ca. 11 veker og begge foreldra er involvert i ruging.[7] Dette er ein monogam art, vanlegvis for livet. Ungfuglane held seg i til kolonien innan 6 år, men dei vil ikkje starte reproduksjon før dei er mellom 11 til 15 år.[2] Om lag 30 % av fugleungane overlever.[1]

Utbreiing

Vandrealbatrossar kan treffast på den sørlege halvkula frå 28 ° til 60 ° sør.[8] Hekkeområdet er på Crozet Islands, Sør-Georgia, Prince Edward Island og Macquarie Island, og kan observerast i å beite utanfor kysten av Kaikoura-halvøya på austkysten av Sørøya på New Zealand året rundt.[10]

Taksonomi

Vandrealbatrossen vart først skildra som Diomedea exulans av Carl von Linné, i 1758, basert på ei prøve frå Kapp det gode håp.[1]

Vandrealbatrossen har fem underartar etter eBird/Clements Checklist v2017,[11] her lista med hekkeområde:

Diomedea refererer til helten Diomedes, følgjesveinane blei gjort til fuglar, og exulans tyder ein i eksil eller ein vandrar som viser til dei einsame, langdistanseflygingane dei gjer.[13]

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff