Umeå universitet

Umeå universitet er eit statleg universitet i Umeå i Sverige. Universitet vart oppretta i 1965 som det femte universitetet i landet. Umeå universitet kan samanliknast med Linköpings universitet i storleik, som det femte eller sjette største universitet i Sverige, målt i tal på studentar. I 2012 hadde universitetet kring 4 300 tilsette og ein omsetnad på ca 3,9 milliardar SEK.[1] Det vert rangert som eit av verdas 200-300 beste universitet og som det 5. til 8. beste i Sverige.[2][3][4]

Umeå universitet

Grunnlagt1965
TypeStatleg universitet
StadUmeå kommun
Studentar25 812
MedlemskapORCID
Nettstadhttps://www.umu.se (svensk), https://www.umu.se/en/ (engelsk)

Organisasjon

Universitetet i Umeå er organisert i fire fakultet med om lag 50 institutt, 20 senter og 8 høgskular. Dei fire fakulteta er:

Samverkanshuset der mellom anna leiinga ved universitetet held til
  • humanistisk
  • medisinsk
  • samfunnsvitskap
  • teknisk-naturvitskap

Høgskular

Konsthögskolan i Umeå.
Skulpturen Norra skenet (Nordlyset) på Umeå universitet.

Ved Umeå universitet er det åtte ulike høgskular:

  • Arkitekthögskolan vart oppretta i 2009 som Sveriges fjerde arkitektutdanning, med om lag 60 nye studentar kvart år.
  • Designhögskolan har landets mest omfattande utdanning i industridesign.
  • Handelshögskolan (USBE) utdannar siviløkonomar i tre ulike kandidatprogram og fem ulike masterprogram. Handelshögskolan er eit av berre seks universitet i Sverige som har rett til å uteksaminera siviløkonomar.
  • Idrottshögskolan vid Umeå universitet vart oppretta i 2000 og driv forsking og utdanning innan idrett.
  • Konsthögskolan, har om lag 60 studentar som studerer fri kunst.
  • Lärarhögskolan vid Umeå universitet (før kalla Umeå School of Education) erstatta ved årsskiftet 2008/2009 det tidlegare lærarfakultetet.
  • Restauranghögskolan, vart oppretta i 2002 som den andre av sitt slag i Sverige.
  • Tekniska högskolan, har sju sivilingeniørprogramm og like mange høgskuleingeniørprogram.

Æresdoktorar i utval

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Denne utdanningsartikkelen som har med Sverige å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.