Udmurtisk

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Udmurtisk (fleirtyding).

Udmurtisk, votjakisk, er eit permisk språk i den uralske språkfamilien. Dei næraste slektspråka er dermed komi og komipermjakisk. Skilnaden mellom udmurtisk og dei andre permiske språka er ikkje stor, likevel så stor at dei ikkje utan vidare er forståelege. Ifylgje folketeljinga i 2010 var det 552 000 udmurtar og 324 000 udmurtisktalande i Russland. Tilsvarande tal frå 2002 var 637 000 udmurtar og 464 000 udmurtisktalande, mens det i sovjetisk statistikk frå 1989 var 746 000 udmurtar, av dei hadde 520 000, eller 69,7 %, udmurtisk som morsmål. Dei fleste av dei lever i Udmurtia, nokre av dei bur i Basjkortostan, i Tatarstan og i Kirov og Perm oblastar. Udmurtisk har tre hovuddialektar, nord-, midt- og sørudmurtisk.

Udmurtisk
удмурт кыл (udmurt kyl)
KlassifiseringUralsk
 permisk
Talararudmurtar
Bruk
Tala iRussland
OmrådeUdmurtia
Udmurtisktalande i alt324 000 (2010)[1]
RangeringIkkje topp-100
Skriftsystemdet kyrilliske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-2udm
ISO 639-3udm
Glottologudmu1245
Wikipedia på udmurtisk

Skriftspråk

Udmurtisk blir skrive med det kyrilliske alfabetet, med desse bokstavane i tillegg: ӝ [ʤ], ӟ [ʣ́],ӥ [ ], ӧ [e̮], ӵ [ ]. Udmurtisk fekk først eit latinsk alfabet på 1930-talet, og deretter eit kyrillisk alfabet.

Grammatikk

Fonologi

Udmurtisk har 29 konsonantfonem og 8 vokalfonem. Det er ikkje skilje mellom lang og kort vokal, og ikkje vokalharmoni.

LabialAlveolarPost-
alveolar
Alveolo-
palatal
PalatalVelar
plainlat.plainlat.
Plosivevoicelessptk
stemtbdɡ
Affrikatvoicelesst͡st͡ʃt͡ɕ
stemtd͡zd͡ʒd͡ʑ
Frikativvoicelessfsʃɕx
stemtvzʒʑ
Nasalmnɲŋ
Approksimantljʎ
Trillr
FremreSentralBakre
UrundaRound
Lukkaiɨ~ɯu
Midtreeəʌo
Opena

Morfologi

Udmurtisk har, som dei andre permiske språka, eit rikt kasussystem.

Syntaks

Udmurtisk er eit SOV-språk.

Fotnotar

Bibliografi

  • Kel'makov, Valentin og Sara Hännikäinen (2008). Udmurtin kielioppia ja harjoituksia (på Finnish). Helsinki: Suomalais-Ugrilainen Seura. ISBN 978-952-5150-34-6. 
  • Moreau, Jean-Luc (2009). Parlons Oudmourte. Paris: L'Harmattan. ISBN 2-296-07951-2. 


Bakgrunnsstoff

Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.