Tynset Idrettsforening
Tynset Idrettsforening er eit idrettslag på Tynset i Hedmark, stifta i 1900. Laget har avdelingar som driv med fotball, friidrett, gymnastikk/turn, handball, judo, orientering, skeiser, ski, symjing og taekwondo. Avdelingane med flest akive er fotball, orientering og skeiseløp.
Idrettslaget held til på Nytrømoen, der det er både grasbane og ei fotballbane frå 2007 med kunstdekke, friidrettsbane og skeisebane om vinteren.
Fotballlaget, som er medlem av Trøndelag Fotballkrins, deltok i 2015 på nivå fire i norsk seriefotball. Laget spelar i raude drakter og kvite bukser.
Kjelder
Tynset IF si heimeside Arkivert 2015-12-08 ved Wayback Machine.
🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landCarles PuigdemontSpesial:SøkSpesial:Siste endringarWikipedia:AtterhaldJonsokKrøllalfaPer PaustAndre verdskrigenBieMidsommarØresundbruaDet norske alfabetetGro Harlem BrundtlandBelgiaMastodontWikipedia:KontaktWikipediaLønnSvartifossIngerid StenvoldNasjonaldyrKleopatraVM i fotball 2022IslandEM i fotball 2024Google MapsTidvasskraftEM i fotball 2021TysklandFrankrikeRusslandNoregTrygve Slagsvold VedumN'Golo KantéJa, vi elsker dette landetEuropaTete Lidbom