Tukanskjeggfuglar

fugleslekt

Tukanskjeggfuglar er to artar store skjeggfuglar i den biologiske slekta Semnornis som lever i den neotropiske regionen. Slekta er no rekna som ein distinkt familie Semnornithidae i ordenen spettefuglar.

Tukanskjeggfuglar
Klonebbskjeggfugl, Semnornis frantzii Foto: Flickr-brukar Clickor
Klonebbskjeggfugl, Semnornis frantzii
Foto: Flickr-brukar Clickor
Systematikk
Rike:Dyr Animalia
Rekkje:Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Klasse:Fuglar Aves
Overorden:Coraciimorphae
Orden:Spettefuglar Piciformes
Familie:Semnornithidae
Slekt:Tukanskjeggfuglar Semnornis
Jardine, 1855

Utbreiing og habitat

Klonebbskjeggfugl er avgrensa til dei fuktige skogane i høglandet i Costa Rica og Panama. Arten tukanskjeggfugl er funnen i same type habitat i dei vestlege alpine skogane i Ecuador og Colombia. I tillegg til urskog kan dei okkupere skogkantar og skog i gjenvekst. Ingen av artane er trekkfuglar, og ungar synest ikkje å spreie seg langt etter at dei er flygedyktige, unge tukanskjeggfuglar berre ein halv kilometer frå hekkestaden.[1]

Tukanskjeggfugl, Semnornis ramphastinus
Foto: Michael Woodruff

Skildring

Semnornis-skjeggfuglar er ganske store skjeggfuglar, mellom 18 og 21 centimeter. Arten tukanskjeggfugl er større enn klonebbskjeggfugl og betydeleg tyngre.[1] Begge har store, hovne nebb og manglar tydeleg kjønnsdimorfisme i fjørdrakta.[2] Fjørdrakta av klonebbskjeggfugl er orangebrun, arten tukanskjeggfugl er meir karakteristisk mønstra med svart, raudt, grått og gullfarge.[1]

Åtferd

Tukanskjeggfuglar er mykje sosiale, og kan sjåast anten i små grupper på opp til fem eller seks individ, eller aleine.[1] Dei er aktive om dagen frå tidleg morgon. Klonebbskjeggfugl søv på felles kvileplassar om natta når det ikkje er hekkesesong. Så mange som 19 fuglar kan kvile saman i eit hol, anten eit modifisert reir eller eit forlate reir av ein hakkespett. Gjennom hekkesesongen kviler paret i eige reir.[3]

Dietten av desse to artane er sett saman av frukt og insekt. Samansettinga er meir lik tukanar enn andre skjeggfuglar og er dominert av frukt. I ei undersøking hos begge artane fann ein ikkje anna enn frukt i magen hos alle kontrollerte individ.[4] Dei kan ete frukta heile, halde frukta med ein fot, bryte ho opp og ete, eller knuse frukta og ete. Insekt er meir vanleg i kosten for ungar, ca. 40% av maten brakt til reir av arten tukanskjeggfugl er insekt. Tukanskjeggfuglar kan òg mate ungane sine med små mengder av virveldyr.[1] Dei har òg vorte registrert blomar i føda.[3]

Begge artar av tukanskjeggfuglar er monogame hekkarar. Klonebbskjeggfugl forsvarer hekketerritoriet mot alle andre av same arten.[3] Arten tukanskjeggfugl, derimot har territorium, men hjelparar kan vere med å syte for ungane i samarbeidande hekking.[5]

Taksonomi

Semnornis var tidlegare ofte med i ein parafyletisk familie Capitonidae av alle verdas skjeggfuglar, men nyleg vanlegvis rekna som sin eigen familie Semnornithidae.

Artslista

Slekt Semnornis

  • Klonebbskjeggfugl, Semnornis frantzii, Prong-billed Barbet, LC, Sclater, 1864
  • Tukanskjeggfugl, Semnornis ramphastinus, Toucan Barbet, NT, Jardine, 1855

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tukanskjeggfuglar