Tsjiatura

Tsjiatura (georgisk: ჭიათურა) er ein by i regionen Imereti vest i Georgia. I 1989 hadde han om lag 30 000 innbyggjarar. Byen ligg i indre område ved elva Qvirila, og sidan 1879 har han vore eit stort senter for produksjon av mangan i Kaukasus. I Tsjitaura finn ein mellom anna nasjonalteateret Tsereteli, ti skular, eit fakultet av Det georgiske tekniske universitetet og domkyrkja Mgvimvi frå 1000- eller 1100-talet.

Tsiatura
ჭიათურა
Tsjiatura Foto: Sven Teschke
Tsjiatura
Foto: Sven Teschke
Tsjiatura
Foto: Sven Teschke
Styresmakter
LandGeorgia
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2014)

12 803
Koordinatar42°17′25″N 43°16′55″E / 42.29028°N 43.28194°E / 42.29028; 43.28194
Høgd over havet340-500 m
TidssoneMSD (UTC+4)

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Chiatura
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.