Trouble av Cat Stevens

Trouble
av Cat Stevens
frå albumet Mona Bone Jakon
Utgjeve1970
SjangerFolkrock
Lengd2:49
SelskapIsland Records (UK/Europa)
A&M Records (USA/Canada)
Låtskrivar(ar)Cat Stevens
ProdusentPaul Samwell-Smith

«Trouble» er ein song skriven av den engelske songar-låtskrivaren Cat Stevens i 1969-1970, og gjeven ut i 1970 på albumet Mona Bone Jakon.

Stevens var på rekonvalesens i nesten eit år, etter å ha vorte diagnostisert med kollapsa lunge og tuberkulose. Han var tre månader på King Edward VII Hospital i Midhurst i England, og vart deretter overført til ni månaders sengeleie heime.[1] Stevens, som var døden nær då han vart innlagd på sjukehuset, brukte tida han var på rekreasjon til kontemplasjon, og skreiv dusinvis av songar, inkludert «Trouble», og mange vart spelt inn mykje seinare.[2]

Då han var innlagd på sjukehus, var Stevens ofte åleine i eit veldig sparsamt og enkelt rom. Han vart fortald at då han vart innlagd, hadde han kanskje berre nokre få veker igjen å leva.[3] Effekten på den 19 år gamle popstjerna var markant. Han sa: «Å gå frå showbusiness-miljøet og finna ut at du er på sjukehus, får injeksjonar dag ut og dag inn, og folk rundt deg døyr, det endrar absolutt perspektivet ditt. Eg byrja å tenkja på meg sjølv. Det verka nesten som om eg hadde hatt auga mine lukka.»[4] Songen i seg sjølv viser Stevens byte frå tungt orkestrert popmusikk til meir vekt på folkrock.

Medan han var i ferd med å friskne til, gav Stevens fritida si og nokre av sine nyare, meir introspektive songar til Colin Higgins og Hal Ashby og filmen deira Harold and Maude frå 1971. Dei fleste melodiane som vart brukte i filmen dukka opp på Stevens-albuma Mona Bone Jakon og Tea for the Tillerman, med unntak av to songar som ikkje vart gitt ut før på albumet Footsteps in the Dark: Greatest Hits Vol. 2 i 1984, «If You Want to Sing Out, Sing Out» og «Don't Be Shy».

I Harold og Maude blir songen «Trouble» brukt i scena med der Maude veit ho skal døy og den inderlege, unge elskaren hennar er knust over dette.

Opptredenar i media

  • Cat Stevens si innspeling vart brukt i filmen Harold and Maude frå 1971, med Bud Cort og Ruth Gordon i hovudrollene.
  • Songen vart òg brukt i filmen A Guide to Recognizing Your Saints frå 2006, med Robert Downey jr., Channing Tatum, Rosario Dawson og Shia LaBeouf i hovudrollene. Denne er basert på ei memoarbok med same namn frå 2001 av Dito Montiel, der han skildrar oppveksten sin i Astoria i New York på 1980-talet.
  • Songen vart spelt i ein episode av ER. Songen var med på lydsporet til piloten i TV-serien Alias, og i ein episode av Everwood.
  • Songen, framført av The Holmes Brothers, vart brukt på i TV-serien Crossing Jordan, og er inkludert på albumet Music From the NBC Television Series Crossing Jordan, 2003.
  • Songen vart brukt i dokumentarfilmen American Teen frå 2008, regissert av Nanette Burstein.
  • Songen vart brukt i den uavhengige filmen Bringing Up Bobby, regissert av Famke Janssen.
  • Songen blir framført av Leem Lubany i filmen Rock the Kasbah med Bill Murray i hovudrolla.
  • Songen vart brukt på slutten av episoden «Not Giants, but Windmills» i TV-serien Graves (S01E10).

Coverversjonar

  • Kristin Hersh, tidlegare i Throwing Muses, spelte inn ein versjon av songen til soloalbumet sitt frå 2001, Sunny Border Blue.
  • Red Hot Chili Peppers og dessutan gitaristen deira John Frusciante som soloartist har spelt songen live.
  • Eddie Vedder frå Pearl Jam framfører ei tolking av songen.
  • Widespread Panic framførte songen på konsertane sine. Etter ein konsert i 1989 la bandet songen til den faste rotasjonen sin av coverlåtar i 2000, og har framført han over 40 gonger sidan. Eit konsertopptak frå 20. juli 2002 med songen finst på DVD-en Live from the Backyard.
  • Elliott Smith spelte inn ein versjon av songen til filmen Thumbsucker.
  • Texas Country-songaren Bruce Robison covrar songen på albumet sitt Long Way Home from Anywhere.
  • Marissa Nadler spelte songen på albumet hennar Covers Volume I.
  • Father John Misty spelte inn ein versjon av songen i 2012 for dokumentaren Once I Was: The Hal Ashby Story. Denne finst på EP-en hans Anthem +3.

Kjelder