Tresfjord

For fjorden med same namn, sjå Tresfjorden.

Tresfjord er ei bygd i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Tresfjord var tidlegare og ein kommune. Bygdesenteret ligg på Sylte. Bygda er eit kjent turmål, og fjellet Lauparen (1434 moh.) trekkjer til seg fotturistar frå heile landsdelen.

Tresfjord
stad
Utsikt frå Lauparen, Tresfjorden og Tresfjord til venstre.

Foto:per

Land Noreg
FylkeMøre og Romsdal
KommuneVestnes
Postnummer6391 Tresfjord
Kart
Tresfjord
62°31′14″N 7°07′23″E / 62.520556°N 7.123056°E / 62.520556; 7.123056
Wikimedia Commons: Tresfjord (village)

Tresfjord kommune

Kommunen var opphavleg (frå 1837) del av Vestnes formannskapsdistrikt. Han vart skilt ut som eiga eining med namnet Sylte kommune (uttale: Silté) frå 1. januar 1899. Han hadde då 1 408 innbyggjarar. 28. april 1922 vart kommunenamnet ved Kongeleg resolusjon endra frå Sylte til Tresfjord. 1. januar 1964 vart Tresfjord kommune slått saman med Vestnes kommune til den nye Vestnes kommune. Tresfjord hadde ved samanslåinga 1 319 innbyggjarar.

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for tidlegare Sylte/Tresfjord kommune frå 1899 til 1964:

1.1.1899[1]1910[2]1.12.1920[3]1.12.1930[4]3.12.1946[4]1.1.1951[5]1.1.1961[5]1.1.1964[1]
14081282125211711270131713351319

Samfunn

I Tresfjord finst ein liten karateklubb som har vist gode resultat nasjonalt. Spesielt Geir Magne Brastad har utmerkt seg med medaljar i så vel EM som US Open.

Tine meierier produserer ridderost ved meieriet i Tresfjord [6].

Konrad Nerheim var frå Tresfjord.

Sjå òg

Bygda Tresfjord gjekk tidlegare inn under SSB sin definisjon av tettstad.

Kjelder

Bakgrunnsstoff