Torbjørn Hornklove

norsk poet

Torbjørn Hornklove (norrønt Þórbjǫrn hornklofi) var ein norsk skald som var aktiv på slutten 800-talet. Fødeår og fødestad er ikkje kjent, heller ikkje når han døydde.

Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Norrøne kjelder

I Skaldatal[1] er Torbjørn Hornklove ført opp som ein av skaldane hos kong Harald Hårfagre.

I Fagerskinna[2] blir han kalla berre «Hornklove» og der står det at han han var ein gamal ven av kong Harald Hårfagre og hadde vore i hirda hans alt frå barneåra. Snorre har sitert dikt av han i soga om Harald Hårfagre. I Egilssoga[3] er han nemnt som ein av skaldane hos Harald Hårfagre, og der blir det fortalt at han hadde setet sitt i det andre høgsetet[Note 1], mellom skaldane Audun Illskælda og Olve Nuva. I den historisk usikre forteljinga «Soga om kong Harald Hårfagre sine skaldar»[4] er det nemnt at han skal ha vore ein frende av hovdingen Rolv Nevja[Note 2]Opplanda. I dei norrøne sogene er ikkje fortalt noko meir om livet og lagnaden til Torbjørn Hornklove.

Farsnamnet (patronymikon) hans er ikkje kjent. I sogelitteraturen er Torbjørn omtala berre med tilnamnet «hornklove» og ein kjenner ikkje til bakgrunnen for namnet. Tydinga av sjølve ordet hornklofi er usikker, men er oftast omsett til «hornkløyvar». I Edda er hornklofi nemnt som ein av kenningane for «ramn».

Skaldskap

Det er noko uvisst kva strofer som i røynda er gjort av han, men ein kjenner til to diktverk som vanlegvis blir tillagt Torbjørn Hornklove:
Glymdråpa[5] der han diktar om kampar som Harald Hårfagre hadde i Noreg og «syd for havet» (fyr haf sunnan) som må vise til Skotland og øyane i vest.
Haraldskvedet[6], òg kalla «Ramnsmål» (Hrafnsmál), byrjar med skildring av slaget ved Hafrsfjord og fortel til slutt om livet ved kong Harald si hird (i Haralds túni).
Eit vers av ei lausavise[7] er òg kjent, men tydinga av diktet er usikker og det er uvisst om Torbjørn Hornklove er forfattaren.

Notar

Referansar

Bakgrunnsstoff