Tonje Brenna

norsk politikar

Tonje Brenna (fødd 21. oktober 1987) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet som er arbeids- og inkluderingsminister i Regjeringa Støre frå 2023,[1][2] tidlegare kunnskapsminister.[3] Ho har vore fylkesrådsleiar i Viken fylke frå 2020.

Tonje Brenna

Fødd21. oktober 1987 (36 år)
Holmlia
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
SambuarMartin Henriksen
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2017–2021)
  • Vikens fylkesrådsleiar (2020–2021)
  • vararepresentant til Stortinget (2021–)
  • Norges kunnskapsminister (2021–2023)
  • Norsk arbeidsminister (2023–) Sjå dette på Wikidata

Karriere

Brenna var medlem i Akershus fylkesting frå 2007 til 2019, vald for Arbeidarpartiet. Mellom 2010 og 2012 arbeidde ho som generalsekretær i Arbeidarane si ungdomsfylking. I perioden mellom 2012 og 2013 var ho politisk rådgjevar i Justis- og beredskapsdepartementet og ved Statsministerens kontor. Hausten 2019 var ho Arbeidarpartoet sin fyrstekandidat til fylkestingvalet i Viken fylke. Fylkestinget valde henne til å leie fylkesrådet.

Brenna var ein av dei som overlevde terroraksjonen på Utøya 22. juli 2011.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Tonje Brenna