Tokariske språk er to utdøydde indoeuropeiske språk som var i nær slekt med kvarandre, tokarisk A og tokarisk B. Dei vart snakka i Sentralasia. Språket er kjent frå tekstar skrivne ca 500–700 e.Kr. Tekstane vart funne i byrjinga av 1900-talet i den kinesiske provinsen Xinjiang. Tekstane er omsetjingar frå sanskrit av buddhistiske tekstar.