Tinamufamilien

Tinamuar utgjer familien Tinamidae, 47 fugleartar i Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Dei er av dei eldste nolevande fuglegrupper, nærast i slekt med strutseliknande fuglar i overorden Paleognathae. Tinamuar lever på bakken og finst i ei rekkje habitat.

Tinamufamilien
Stortinamu (Tinamus major)
Stortinamu
(Tinamus major)
Utbreiing
Utbreiinga av tinamufamilien
Utbreiinga av tinamufamilien
Systematikk
Rike:Dyr Animalia
Rekkje:Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Klasse:Fuglar Aves
Orden:Tinamiformes
Infraorden:Tetanurae
Parvorden:Coelurosauria
Familie:Tinamufamilien Tinamidae
G. R. Gray, 1840

Sjølv om tinamuar liknar andre fuglar som lever nær eller på bakken som vaktlar og ryper, er ikkje dette slektningar. Tinamuar er plassert i sin eigen orden Tinamiformes. Namnet ’tinamu’ kjem frå det karibiske språket galibi.

Skildring

Dette er slanke og kompakte fuglar, med eit lite hovud og kort tynt, nedkurva nebb. Den minste arten er pygmétinamu, han veg ca. 43 gram og er 20 cm lang.[1] Den største er taotinamu, veg 2,3 kg og måler opp til 53 cm. Dei har svært små venger, men i motsetnad til strutsefuglar, har tinamuar flygeevne, om enn dårleg. Dei har tre framvende tær, men baktåa finst høgare på foten og er anten redusert eller heilt borte. Halen er kort og ofte skjult bak dekkfjørene, og nokre tinamuartar har fjørtopp. I motsetning til strutsefuglar har dei gumpkjertel. Fjørdrakta skil ikkje mellom kjønna, med unntak av at hoer hos somme artar har lysare drakt.[1]

Utbreiing og habitat

Det finst ein innført art på Påskeøya,[2] elles er artane spreidd i Sør-Amerika og nordover til Mexico, men ikkje særleg nord for den nordlege vendekretsen. Fuglane førekjem i et breitt spekter av habitat. Slektene Tinamus, Nothocercus og Cryptuerellus lever i tett skog, medan dei fleste av dei andre artane lever på grasland, punagrasland, savannar og i alpint land i stor høgd.[1]

Åtferd

Det er sjeldan å sjå tinamuar, men ein høyrer dei ofte innanfor område sitt. Dei føretrekkjer å gå eller å springe, og i farlege situasjonar kan dei flyge. Men dei vil først ta til vengene når alle andre teknikkar for å sleppe unna er prøvd, så som å skjule seg i hòl i bakken. I flukt vekslar dei mellom raske kraftige vengeslag og lang glideflukt.[1] Sjølv om mange artar er ganske vanlege er dei skye og løynlege. Et lite tal av artar lever på meir opne grassletter, men sjølv desse er forsiktige.[3] Tinamuar har ei rekkje ulike kall eller lydsignal.[1]

Føde

Tinamuar et i hovudsak små frukt og frø frå bakken eller plukkar det frå plantar som er nær bakken. Dei kan hoppe 10 cm for å nå opp til maten. Dei vil òg ete knoppar, blomar, mjuke blad og røter, og dessutan insekt og larvene deira, ormar og blautdyr. Smådyr blir ete heile, medan større dyr blir slått mot bakken eller hakket. Når dei søkjer i blad på bakken, brukar dei nebba, og ikkje føtene sine, og kan til og med bruke nebbet til å sile gjennom jord ned til 2–3 cm i djupne[1][3]

Reproduksjon og vernestatus

Tinamuar legg fleire egg i reir på bakken mellom gras og blad, og hannen vil ruge egga. Han forlèt reiret for å søke føde og kan vere borte i periodar på frå 45 minutt til 5 timar. Til vanleg vil dei ikkje dekkje til egga når dei forlèt reiret, sjølv om egga ikkje har kamuflasjefarge. Hos dei fleste artane er hannane polygame og hoene er polyandriske.[3] Egga har tiltrekkjande farge, er einsfarga og har ein hard glans som porselen. Ungane er godt utvikla ved klekking, og kan gå kort etter klekking. Vitskapsfolk trur dei er sjølvstendige innan 20 dagar.[1][3]

IUCN har klassifisert 7 av dei 47 tinamuartane som sårbare, i tillegg er 7 nær trua.[4] Hovudgrunnene til status sårbar eller nær trua for desse artane er oppstykking av habitat og inngrep frå menneske.[1] Menneske jaktar på tinamuar utan at det har særleg innverknad på populasjonen.[1]

Artslista

Tinamuar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff