Time kommune

kommune i Rogaland fylke i Noreg

Time kommune ligg på Midt-Jæren i Rogaland fylke og grensar i nord til Sandnes i nord, i aust til Gjesdal og Bjerkreim, i vest til Klepp og i sør til . Kommunen har stort sett hatt dei same grensene sidan 1838. I 1970 og 1989 vart to mindre område overførte til Gjesdal.

Time kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Noreg
FylkeRogaland
Adm.senterBryne
Areal183 km²
 •  land171 km²
 •  vatn12 km²
Folketal 19 910  (1. januar 2024)
Målformnynorsk
OrdførarAndreas Vollsund (H)
Kommunenr.1121
Kart
Time kommune
58°43′22″N 5°45′55″E / 58.722778°N 5.765278°E / 58.722778; 5.765278
Wikimedia Commons: Time, Norway
Nettstad: www.time.kommune.no

Administrasjonssenter i Time er Bryne. Lokalavisa er Jærbladet som òg dekkjer kommunane Hå og Klepp.

Namn

Namnet Time stammar frå norrønt Þímin.[1] Fyrstedelen av namnet kan ha tilknyting til angelsaksisk Þínan, 'bli våt', eller norrønt þiðr, 'isfri', og siktar til myrlendt terreng.[1] Sisteleddet er avleidd frå vin, norrønt for 'eng'.[2] Ein person frå Time blir kalla timebu.[1]

Geografi

Frøylandsvatnet

Time har i aust og vest to ulike landskapsformer. Jærsk, flatt landskap pregar dei vestlege områda med store jordbruksareal. I aust hevar landskapet seg og går over til meir kupert heilandskap. Det høgste punktet i Time er Bruskanuten på 430 moh.

Busetnaden i Time er konsentrert kring tettstadene. Kommunesenteret Bryne hadde 13 151 innbyggjarar per 1. januar 2023. Av andre tettstader kan nemnast Lyefjell med 2 341 innbyggjarar per 1. januar 2023, Undheim med 588 innbyggjarar per 1. januar 2023 og Kvernaland med 7 824 innbyggjarar per 1. januar 2023 der over halvparten av innbyggjarane budde i nabokommunen Klepp.

Næringsliv

Av kommunearealet på 182 km² er 13 km² ferskvatn og 68 km² jordbruksareal. Landbruket og husdyrhaldet er viktig i Time, med mellom anna hønse-, saue-, storfe- og svinehald. Industrien sysselset trass dette kring dobbelt så mange.

Samferdsle

Sørlandsbanen går gjennom Time og det er eit fabrikksidespor til Kvernaland. Rv44 går vest for Frøylandsvatnet til Sandnes og Stavanger. Aust for Frøylandsvatnet går Fv505 Mellemstrand-Undheim–Kvernaland–Ganddal. Fv506 går frå Bryne austover til Ålgård og Fv504 til Bue der han går inn i E39.

Kultur

Sommarstova til forfattaren Arne Garborg
Bryne Mølle er tusenårsstaden til kommunen

Kommunen og soknet er kalla opp etter garden Time, der Time kyrkje ligg. Kommunen kom til i samband med formannskapslovene i 1837. På Undheim ligg Time bygdemuseum, med mellom anna Fotland kraftstasjon som no er vasskraftmuseum, og husmannsplassen Træe. I tillegg har Kverneland fabrikker bedriftsmuseum. På Lyngaland er det ein gard frå jarnalderen.

Arne Garborg (1851–1924) var fødd i Time. Både barndomsheimen hans, Garborgheimen, og diktarstova og sommarhuset Knudaheio er begge karakteristiske jærhus og er tilgjengelege for publikum som ei avdeling av Time bygdemuseum. I 2012 opna Nasjonalt Garborgsenter på Bryne, ein formidlingsarena for liva og verka til Arne og Hulda Garborg.

Tusenårsstaden til kommunen er Bryne Mølle. Mølla er saman med kulturhuset Storstova det regionale kulturhuset i Jæren. Tusenårstreet vart planta ved kyrkjegarden ved Time kyrkje.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon i 1977. Motivet er på raud botn ei sølv vipe med utslådde venger. Vipa står som symbol for optimisme og førehandstru.

Kjende folk frå Time

Kjelder

Bakgrunnsstoff

58°44′10.9″N 5°39′10.6″E / 58.736361°N 5.652944°E / 58.736361; 5.652944