Thorvaldsens Museum

Thorvaldsens Museum er eit enkeltkunstnarmuseum på Slotsholmen i København ved sidan av Christiansborg.

Thorvaldsens Museum

StadKøbenhavns kommune
Skipa18. september 1848
Kart
Thorvaldsens Museum
55°40′36″N 12°34′42″E / 55.67669°N 12.57827°E / 55.67669; 12.57827
Thorvaldsens Museum sett frå kanalen

Museet er oppført 1839-1848 etter ei offentleg innsamling i 1837 og er teikna av Michael Gottlieb Bindesbøll. Det vart oppført på fundamentet af Christiansborgs tidlegare vogngard på avfallsplassen Skarnholm.

Det opna 18. september 1848.

Bertel Thorvaldsen døydde fire år før museet stod ferdig. Ei veke før museet opna for publikum, vart kista hans flytta frå Vor Frue Kirke til gravkammeret i museets indre gard.

Thorvaldsens Museum er freda.[1]

Museumsbygget

Bygget er inspirert av den antikke greske arkitekturen og bygd rundt eit indre gardsrom der kunstnaren ligg gravlagd. Det er nemneverdig på grunn av fargebruken både inn- og utvendig. Kvart rom i museet har ein unik takdekorasjon i grotesk stil.Frisa på yttermuren til museet skildrar Thorvaldsens heimkomst frå Roma i 1838. Ho er laga av målaren Jørgen Sonne. Frisa forfall og vart i 1949-59 trekt av muren og erstatta av ein kopi laga av målaren Axel Salto.[2]

Samling

Museet rommar ei lang rekke av Thorvaldsens verk i mormor og originale gipsmodellar, som vart brukt ved framstillinga av dei endelege marmor- og bronseverka og relieffa. Fleire gipsmodellar er stilt ut i museet. Originalane kan ein i dag sjå i museum, kyrkjer og andre stader rundt om i verda. Museet eig ei lang rekke måleri, antikkar, erotika, teikningar og grafikk, som Thorvaldsen samla, og ei rekke gjenstandar, som Thorvaldsen brukte i arbeidet sitt og i kvardagen.

Kunstverk i samlinga

  • Jason med det gylne skinn 1803–1828, statue[3][3] ;
  • Ganymedes med Jupiters ørn av Bertel Thorvaldsen, groupe, 1817[4] ;
  • Les trois Grâces avec Cupidon, groupe, 1817-1818[3] ;
  • Cupidon et Psyché, groupe ;
  • Berger au chien, 1800, groupe[3] ;
  • Hébe, 1806[3] ;
  • La Nuit avec ses enfants par Bertel Thorvaldsen, Le Sommeil et la Mort, 1815 ;
  • Vénus med eplet (ou Vénus Victrix), 1805[5]

Direktørar

  • A.P. Grüner
  • Hother Hage
  • 1932-1963 Sigurd Schultz
  • 1963-1989 Dyveke Helsted
  • 1989-2016 Stig Miss
  • 2017- Annette Johansen[6]

Referansar

Bakgrunnsstoff

Bertel Thorvaldsens Plads 2, 1213 København K

55°40′36″N 12°34′42″E / 55.67667°N 12.57833°E / 55.67667; 12.57833