Thomas Newman

amerikansk komponist

Thomas Montgomery Newman (fødd 20. oktober 1955) er ein USA-amerikansk filmmusikkomponist frå Los Angeles, California.

Thomas Newman

Fødd20. oktober 1955 (68 år)
FødestadLos Angeles
OpphavUSA
Aktiv1984–
Verka somkomponist, filmmusikkomponist
MorMartha Montgomery
FarAlfred Newman
Gift medAnn Marie Zirbes
BornEvan Newman, Jack Newman, Julia Newmann
PrisarEmmy-prisen, Grammy Award for Best Score Soundtrack for Visual Media, Classic Brit Awards

Karriere

Thomas Newman kjem frå ein familie av filmmusikarar. Både faren, Alfred Newman, onkelen Lionel Newman, broren David Newman og syskenborna Randy Newman og Joey Newman har drive med musikk, og særskilt filmmusikk.

Thomas Newman gjekk på Yale University før han tok til med filmkomposisjon i 1984. Gjennombrotet kom i 1994 då han komponerte filmmusikken til Little Women og Frihetens regn, og sidan har han komponert filmmusikk til ei rekkje filmar. Framleis har han ikkje vunne Oscar-prisen, sjølv om han har vore nominert 10 gonger. Han har derimot vunne BAFTA-prisen og to Grammy-prisar.

Newman er gift og har tre born.

Filmmusikk av Thomas Newman

  • Reckless (1984)
  • Revenge of the Nerds (1984)
  • Jumpin' Jack Flash (1986)
  • Stekte grønne tomater (1991)
  • Whispers in the Dark (1992)
  • Duften av kvinne (1992)
  • Frihetens regn (1994)
  • Little Women (1994)
  • Rød rettferdighet (1997)
  • Hestehviskeren (1998)
  • Meet Joe Black (1998)
  • American Beauty (1999)
  • Den grønne mil (1999)
  • Erin Brockovich (2000)
  • Pay it Forward (2000)
  • Road to Perdition (2002)
  • Oppdrag Nemo (2003)
  • Cinderella Man (2005)
  • Wall-E (2008)
  • Revolutionary Road (2008)
  • The Adjustment Bureau (2011)
  • Skyfall (2012)

Kjelder