This Wheel's on Fire

This Wheel's on Fire
Song av Bob Dylan & The Band
frå albumet The Basement Tapes
Språkengelsk
Innspelt1967
SjangerRock
Lengd3:49
SelskapColumbia
Låtskrivar(ar)Bob Dylan, Rick Danko
ProdusentBob Dylan & The Band
This Wheel's on Fire
Singel av Julie Driscoll med Brian Auger and The Trinity
B-side

«A Kind of Love In»
«Black Cat»

Språkengelsk
Innspelt1968
SjangerPsykedelisk rock
Lengd3:31
SelskapMarmalade Records 598006 (UK)
Låtskrivar(ar)Bob Dylan, Rick Danko
This Wheel's on Fire
Song av The Byrds
frå albumet Dr. Byrds & Mr. Hyde
Språkengelsk
Innspelt4. desember 1968, Columbia Studios, Hollywood, CA
SjangerRock, psykedelisk rock
Lengd4:44
SelskapColumbia
Låtskrivar(ar)Bob Dylan, Rick Danko
ProdusentBob Johnston
This Wheel's on Fire
Singel av Siouxsie and the Banshees
frå albumet Through the Looking Glass
B-side

«Shooting Sun», «Sleepwalking (On the High Wire)», «She Cracked»

Språkengelsk
Innspelt1986
SjangerAlternativ rock
Lengd5:43
SelskapPolydor
Låtskrivar(ar)Bob Dylan, Rick Danko
ProdusentSiouxsie and the Banshees
Mike Hedges
Siouxsie and the Banshees-kronologi 
«Candyman»
(1986)
This Wheel's on Fire«The Passenger»
(1987)


«This Wheel's on Fire» er ein song skriven av Bob Dylan og Rick Danko.[1] Han vart opphavleg spelt inn av Dylan og The Band under dei legendariske innspelingane deira i 1967, som seinare kom ut på The Basement Tapes i 1975.[2] The Band si utgåve av songen kom ut først på Music From Big Pink i 1968.[3]

I 1968 vart ei utgåve av Julie Driscoll med Brian Auger and The Trinity ein hit i Storbritannia og nådde 5. plassen på singellista der.[4] Med bruk av forvrenging, bilete av songtittelen og gruppa i fargesprakande klede vert denne versjonen tett knytt til psykedeliaen i britisk musikk. Driscoll spelte inn songen på ny tidleg i 1990-åra med Adrian Edmondson som tema for komiserien på BBC, Absolutely Fabulous, der hovudkarakterane vert kasta tilbake til denne tida.

The Byrds spelte inn ei utgåva av «This Wheel's on Fire» for albumet Dr. Byrds & Mr. Hyde i 1969, og ei konsertutgåve finst på Live at the Fillmore - February 1969 og den utvida utgåva av (Untitled).[5][6][7] I 1987 vart songen spelt av det britiske rockebandet Siouxsie and the Banshees for coveralbumet deira Through the Looking Glass. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og nådde 14. plass på den britiske singellista.[8]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Hamilton Camp, Phil Lesh, Golden Earring, The Hollies, Ian and Sylvia, Les Fradkin, Leslie West, Serena Ryder og Guster.

Medverkande på The Band-utgåva

Kjelder