Thierry Henry

fransk fotballspelar

Thierry Daniel Henry (fødd 17. august 1977 i Les Ulis i Frankrike) er ein fransk tidlegare fotballspelar. Han var angrepsspelar. Henry er kjend for evna si til å komme rundt forsvararar med sitt rykket sitt, den store farten sin og den gode ballkontrollen. I tillegg til å vere ein stabil målscorar i Arsenal, med godt over 20 mål per sesong i gjennomsnitt, er han òg svært ofte nest sist på ballen.[1] Han vert òg rekna som ekspert på dødballar, og tek både straffespark og frispark for Arsenal.

Thierry Henry
Thierry Henry i 2013
Personleg informasjon
Fullt namnThierry Daniel Henry
Fødd17. august 1977 (46 år)
FødestadLes Ulis i Frankrike
Høgd188 cm
PosisjonSpiss, ving
Seniorkarriere*
ÅrLagKampar(Mål)
1994-1999Monaco105(20)
1999Juventus16(3)
1999-2007Arsenal254(174)
2007-2010Barcelona80(35)
2010-2014Red Bulls122(51)
2012Arsenal (lån)4(1)
Totalt581(284)
Landslag
1997-2010Frankrike123(51)
Trenar for
2018-2019Monaco
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel

Frå 1993 til 1998 spela Henry i det franske topplaget AS Monaco. Etter suksessen i VM i 1998 vart han seld til det italienske storlaget Juventus. Etter eit halvt år der drog han saman med sine franske vener Patrick Vieira og Emmanuel Petit til Arsenal, som då vart trena av Arsène Wenger. Der utvikla Henry seg til å verte ein spelar på verdsnivå. Han vart toppskårar i Premier League i både 2004/05-sesongen (25 mål) og 2005/06-sesongen (27 mål).

Tysdag 18. oktober 2005 tangerte han fyrst Ian Wright sin rekord på 185 klubbmål for Arsenal, før han sette ein ny rekord med eit mål meir for London-klubben. Dette hende då han scora begge måla i 2–0-sigeren over Sparta Praha i ein Meisterliga-kamp.

I 2007 blei han Barcelona-spelar.

Landslagsspel

Frå debuten i oktober 1997 til han kom inn som innbyttar under VM i fotball 2010, deltok Henry i 123 av Frankrike sine landskampar. Han vart europameister i 2000 og spelte VM-finale i 2006 mot Italia. Han var elles med i Fotball-VM 2002 og 2010, samt Fotball-EM 2004 og 2008. Henry skåra 51 landslagsmål.

Merittar

  • Europameister: 2000 for Frankrike
  • VM-finalist: 2006 for Frankrike
  • Vinnar av meisterligaen: 2009 med Barcelona FC
  • Fransk seriemeister: 1997 med Monaco
  • Engelsk ligameister: 2002, 2004 med Arsenal FC
  • Engelsk FA-cupmeister: 2002, 2003 med Arsenal FC
  • Finalist i meisterligaen: 2006 med Arsenal FC
  • Finalist i UEFA-cupen: 2000 med Arsenal FC
  • Spansk ligameister: 2009, 2010 med FC Barcelona
  • Spansk cupmeister: 2009 med FC Barcelona

Kampar

KlubbLigakamparLigamålPeriode
AS Monaco1052008/1995–01/1999
Juventus16301/1999–08/1999
Arsenal24116608/1999–

Kjelder