The Beatles av The Beatles

(Omdirigert frå The White Album)
The Beatles
Studioalbum av The Beatles

Språkengelsk
Utgjeve22. november 1968
Innspelt30. mai–14. oktober 1968 i EMI Studios og Trident Studios, London
Sjanger
Lengd93:35
SelskapApple
ProdusentGeorge Martin
Britisk The Beatles-kronologi 
Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band
(1967)
The BeatlesYellow Submarine
(1969)
Amerikansk The Beatles-kronologi
Magical Mystery Tour
(1967)
The BeatlesYellow Submarine
(1969)


The Beatles er det niande albumet til The Beatles, eit dobbeltalbum som kom ut i 1968. Det vert ofte berre kalla The White Album sidan det ikkje har noko tekst på framsida anna enn namnet på bandet (og på tidlege LP- og CD-utgåver, eit serienummer) på eit elles heilt kvitt omslag. Albumet var det første The Beatles gav ut etter at manageren deira Brian Epstein døydde. Det vart opphavleg kalla A Doll’s House, men tittelen vart endra etter at det britiske progressive bandet Family gav ut eit album tidlegare same året kalla Music in a Doll’s House.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[1]
The A.V. ClubA+[2]
The Daily Telegraph5/5 stars[3]
Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[4]
MusicHound4/5[5]
Pitchfork Media10/10[6]
PopMatters9/10 stars[7]
Q5/5 stars[8]
The Rolling Stone Album Guide5/5 stars[9]
Slant Magazine4.5/5 stars[10]

I 1997 hamna The Beatles på 10. plass på ei liste over dei beste albuma gjennom tidene laga av HMV, Channel 4, The Guardian og Classic FM. I 1998 stemde lesarane av musikkmagasinet Q albumet på 17. plass på ei liknande liste, medan det i 2000 hamna på 7. plass på lista over dei 100 beste britiske albuma nokon gong.[11] I 2001 plasserte fjernsynskanalen VH1 albumet på 11. plass over dei største albuma gjennom tidene.[12] I 2006 valde Time Magazine ut albumet som eit av dei hundre beste nokon gong.[13] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte albumet på 10. plass over dei 500 største albuma gjennom tidene i 2003.[14]

I følgje Recording Industry Association of America er The Beatles det mestseljande Beatles-albumet og det tiande mest selde albumet i USA nokon gong.

Byrjinga på slutten for The Beatles

Oppfølgjaren til Magical Mystery Tour, albumet og den katastrofale filmen, var The Beatles (White Album) som markerte eit vendepunkt for bandet og vart tolka av nokre tilhengjarar til å vere byrjinga på slutten for The Beatles.

Med dette albumet starta kvart enkelt medlem i The Beatles å arbeide med å vise djupna og rekkevidda for sine individuelle talent i låtskriving. Musikken og stilen som vart spelt inn på dette albumet peikar direkte framover mot det som skulle verte kvar enkelt medlem sine solokarrierar. I staden for eit samla heile, er det doble albumet eit sprikande kaos av songar.

Saman med standardrockarar som opningssporet «Back in the USSR» (ofte tolka som ein parodi og samstundes ei hyllest til Beach Boys-songen «California Girls»); har albumet klassiske balladar som «I Will» og «Julia» (siste skrive av John Lennon, ein av dei få balladane hans, tileigna den avdøde mora hans); muntre og nesten tøvete songar som Paul McCartney sin «Rocky Raccoon» og «Ob-La-Di, Ob-La-Da»; og sosiale kommentarar som George Harrison sin «Piggies» og Lennon sin «Happiness is a Warm Gun». I tillegg finst den første komposisjonen til Ringo Starr, «Don’t Pass Me By».

Ein av songane på albumet er McCartney-songen «Helter Skelter», ein av dei aller første heavy metal-songane. «Helter Skelter» er eit fast uttrykk på engelsk og tyder «over hals og hovud». Dessverre har songen fått eit dystert ettermæle ved at Charles Manson og mordarbanden hans feiltolka songen til å tyde ei form for apokalypse og stimuli for massemord.

Songane

Dei fleste songane på albumet er personlege og refererer til interne forhold. Til dømes er songen «Dear Prudence» om syster skodespelarinna Mia Farrow, Prudence, som var med dei transcendentale meditasjonsklassane i Rishikesh i India på den same tida som enkeltmedlemmane av The Beatles var der med venner. Faktisk er mange av songane på Det kvite albumet skrive på turen til India. Songen «Sexy Sadie» handlar om Maharishi Mahesh Yogi som leia meditasjonsklassane. «Glass Onion» er Lennon sin song der han syng direkte til trufaste tilhengjarar som nytta mykje tid på finne skjulte meiningar i tekstane til the Beatles. Songen referer til mange andre songar og driv gjøn med desse.

Yoko Ono gjer sin første opptreden, saman med Pattie Harrison, der ho er med å kore på den skranglete songen «Birthday». Ono song òg ei enkel strofe på Lennon sin «Bungalow Bill» og hadde særs stor innverknad på utforminga av Lennon sin musique concrète kalla «Revolution 9»

Eric Clapton vart invitert av Harrison til å spele sologitar på Harrison-songen «While My Guitar Gently Weeps». Spenninga i bandet hadde alt starta å verte spent, og Harrison følte at dei andre ikkje tok songane hans alvorleg. Han inviterte derfor ein utanforståande til innspelinga slik at dei andre vart nøydd til oppføre seg profesjonelt. Clapton trong den same teneste sjølv seinare, og fekk Harrison til å delta på innspelinga av songen «Badge» for gruppa Cream. Harrison nytta då pseudonymet ‘L'Angelo Misterioso’.

Fleire av songane som vart spelt inn for dette albumet vart ikkje nytta på endelege albumet og nokre av desse skulle verte dei største hittane til The Beatles. «Hey Jude» (gjeve ut som ein singel med «Revolution» som B-side) var ein slik song. To andre songar som ikkje vart nytta skulle seinare dukke opp i piratutgåver og sirkulere i fleire tiår i undergrunnen før dei omsider vart offisielle med utgjevinga av dei tre Anthology-utgåvene: Harrison sin «Not Guilty» og Lennon sin «What’s The New Mary Jane?».

Albumet vart produsert og arrangert av George Martin og var det første albumet som vart gjeve ut på nye plateselskapet Apple Records og det einaste originale dobbeltalbumet frå The Beatles. Martin sjølv var personleg misnøgd med utforminga av dobbeltalbumet og råda The Beatles til å redusere talet på songane og heller la dei sterkaste songane råde grunnen på eit enkelt album. The Beatles overstyrte han på godt og vondt.

Mono-versjonen

The Beatles (White Album) var òg det aller siste albumet som vart gjeve ut i ein eigen og unik mono-miks i Storbritannia som alternativ til stereo-utgåva. 29 av dei 30 songane på albumet fekk eigen mono-miks, anti-songen «Revolution 9» var unntaket og har aldri vorte gjeve ut på CD. Enkelte land fekk eigne mono-utgåve seinare, men dei var miksa frå stereo-utgåva, og var ikkje ein unik miks i seg sjølv.

Omslaget

Omslaget vart laga av Richard Hamilton, ein kjend popkunstnar som hadde organisert ei retrospektiv utstilling med dadaisten Marcel Duchamp på Tate Gallery året før. Designet til Hamilton stod i sterk kontrast til det liveige og fargeriket omslaget til Peter Blake på albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band som vart gjeve ut i 1967. Hamilton nytta berre ein enkel, naken, kvit firkant med namnet på gruppa (som òg var tittelen på albumet) diskret utheva i pappen på førstesida. Kvart enkelt omslag hadde òg eit unikt trykt serienummer, som i følgje Hamilton var for «å skape den ironiske situasjonen av ei nummerert utgåve av noko som var gjeve ut i fem millionar eksemplar …». På seinare utgjevingar fann ein det praktisk å trykke albumtittelen i svart. Ermane på albumet inkluderte forutan platene òg ein plakat, songtekstane og fire portrettfotografi som var tekne av John Kelley i august 1968. Desse portretta har sidan vorte fotografiske ikon.

Ettermæle

Det kvite albumet, både musikken og konsept til albumet, har hatt stor påverknad på populærmusikken og den indre kulturen i popverda. På 1990-talet har både Prince og Metallica laga album med sine eigne namn som tittelen som er vorte trykte på heilt svarte omslag. Begge vart omtalte som «Det svarte albumet» (Black Album). I 2003 gav rapparen Jay-Z eit album som òg offisielt vart heitande The Black Album. To samlingar av Beatles-songar, gjevne ut i 1973 som The Beatles 1962-1966 og The Beatles 1967-1970 har uoffisielt vorte kalla Det raude albumet og Det blå albumet med klar referanse til fargesystemet. Begge albuma til Weezer med artisten sitt namn som tittel har vorte heitande Det blå albumet (1994) og Det grøne albumet (2001).

I 2004 gav Brian Burton (òg kjend som DJ Danger Mouse) ut albumet The Grey Album, ei uautorisert remiksalbum som seinare vart distribuert på Internett med strofer frå The Beatles (White Album) saman «a cappella»-versjonen av Jaj-Z sitt The Black Album. EMI og Apple Records var ikkje nøgde med dette.

Innhald

Alle songar er skrivne av Lennon–McCartney, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Back in the U.S.S.R.»McCartney2:43
2.«Dear Prudence»Lennon3:56
3.«Glass Onion»Lennon2:18
4.«Ob-La-Di, Ob-La-Da»McCartney3:08
5.«Wild Honey Pie»McCartney0:52
6.«The Continuing Story of Bungalow Bill»Lennon3:14
7.«While My Guitar Gently Weeps» (George Harrison)Harrison4:45
8.«Happiness Is a Warm Gun»Lennon2:43
Side to
Nr.TittelSolovokalLengd
9.«Martha My Dear»McCartney2:28
10.«I'm So Tired»Lennon2:03
11.«Blackbird»McCartney2:18
12.«Piggies» (George Harrison)Harrison2:04
13.«Rocky Raccoon»McCartney3:33
14.«Don't Pass Me By» (Richard Starkey)Starr3:51
15.«Why Don't We Do It in the Road?»McCartney1:41
16.«I Will»McCartney1:46
17.«Julia»Lennon2:54
Side tre
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Birthday»McCartney med Lennon2:42
2.«Yer Blues»Lennon4:01
3.«Mother Nature's Son»McCartney2:48
4.«Everybody's Got Something to Hide Except Me and My Monkey»Lennon2:24
5.«Sexy Sadie»Lennon3:15
6.«Helter Skelter»McCartney4:29
7.«Long, Long, Long» (George Harrison)Harrison3:04
Side fire
Nr.TittelSolovokalLengd
8.«Revolution 1»Lennon4:15
9.«Honey Pie»McCartney2:41
10.«Savoy Truffle» (George Harrison)Harrison2:54
11.«Cry Baby Cry»Lennon, med McCartney3:02
12.«Revolution 9»Tale frå Lennon, Harrison, George Martin og Yoko Ono8:22
13.«Good Night»Starr3:13

Medverkande

The Beatles

Gjestemusikarar

  • Eric Clapton – sologitar på «While My Guitar Gently Weeps»[34]
  • Mal Evans – korvokal og klapping på «Dear Prudence»,[27] klapping på «Birthday»,[35] trompet på «Helter Skelter»[34]
  • Jack Fallon – fiolin på «Don't Pass Me By»[32]
  • Pattie Harrison – korvokal på «Birthday»[36]
  • Jackie Lomax – korvokal og klapping på «Dear Prudence»[37]
  • Maureen Starkey – korvokal på «The Continuing Story of Bungalow Bill»[38]
  • Yoko Ono – korvokal, solovokal og klapping på «The Continuing Story of Bungalow Bill»,[38] korvokal på «Birthday»,[36] tale, lydband og lydeffektar på «Revolution 9»[39]

Studiomusikarar

  • Ted Barker – trombone på «Martha My Dear»[40]
  • Leon Calvert – trompet og flygelhorn på «Martha My Dear»[40]
  • Henry Datyner, Eric Bowie, Norman Lederman og Ronald Thomas – fiolin på «Glass Onion»[41]
  • Bernard Miller, Dennis McConnell, Lou Soufier og Les Maddox – fiolin på «Martha My Dear»[40]
  • Reginald Kilby – cello på «Glass Onion»[41] og «Martha My Dear»[40]
  • Eldon Fox – cello på «Glass Onion»[41]
  • Frederick Alexander – cello på «Martha My Dear»[40]
  • Harry Klein – saksofon på «Savoy Truffle»[42] og «Honey Pie»[43]
  • Dennis Walton, Ronald Chamberlain, Jim Chest og Rex Morris – saksofon på «Honey Pie»[43]
  • Raymond Newman og David Smith – klarinett på «Honey Pie»[43]
  • Art Ellefson, Danny Moss og Derek Collins – tenorsaksofon på «Savoy Truffle»[42]
  • Ronnie Ross og Bernard George – barytonsaksofon på «Savoy Truffle»[42]
  • Alf Reece – tuba på «Martha My Dear»[40]
  • The Mike Sammes Singers – korvokal på «Good Night»[44]
  • Stanley Reynolds og Ronnie Hughes – trompet på «Martha My Dear»[40]
  • Chris Shepard – stumpf fiddle på «The Continuing Story of Bungalow Bill»[41]
  • Tony Tunstall – valthorn på «Martha My Dear»[40]
  • John Underwood og Keith Cummings – bratsj på «Glass Onion»[41]
  • Leo Birnbaum og Henry Myerscough – bratsj på «Martha My Dear»[40]


Produksjon

Salslister

Vekeslister

Originalutgåve

Liste (1968–70)Plassering
Australske Kent Music Report Chart[54]1
Kanadiske RPM-lista[55]1
Den franske albumlista[56]1
Norske VG-lista[57]1
Svenske Kvällstoppen[58]2
Den spanske albumlista[59]2
UK Albums Chart[60]1
US Billboard Top LPs[61]1
Den vesttyske Media Control-lista[62]1

1987-utgåva

Liste (1987)Plassering
Den nederlandske albumlista[63]23
Japanske Oricon-lista[64]4
UK Albums Chart[65]18

2009-utgåva

Liste (2009)Plassering
Den australske albumlista[66]15
Austrian Albums Chart[67]21
Den belgiske albumlista (Flandern)[68]18
Den belgiske albumlista (Vallonia)[69]23
Den danske albumlista[70]16
Den finske albumlista[71]33
Den tyske albumlista[72]31
Den italienske albumlista[73]20
Den japanske albumlista[74]19
Den portugisiske albumlista[75]6
Den spanske albumlista[76]30
Den svenske albumlista[77]11
Den sveitsiske albumlista[78]27
Den newzealandske albumlista[79]23
UK Albums Chart[80]21
US Billboard Top Pop Catalog Albums[81]7

Årslister

Liste (1968)Plassering
UK Albums Chart[82]2
Liste (1969)Plassering
Australian Albums Chart[54]2
UK Albums Chart[83]10
US Billboard Pop Albums[84]8
Liste (2009)Plassering
Den italienske albumlista[85]196

Tiårsliste

Liste (1960-åra)Plassering
UK Albums Chart[83]9

Salstrofé

RegionSalstroféSalstal
Argentina (CAPIF)[86]
Oppført som «Album Blanco»
Platina60 000x
Argentina (CAPIF)[86]
Oppført som «The White Album»
Gull30 000x
Australia (ARIA)[87]2× Platina140 000^
Canada (Music Canada)[88]8× Platina420,000^
Canada (Music Canada)[88]
2009 release
Gull
Frankrike (SNEP)[89]Gull257,600[90]
Italia (FIMI)[91]Gull30 000*
New Zealand (RMNZ)[92]2× Platina30 000^
Storbritannia (BPI)[93]Platina300 000^
USA (RIAA)[94]19× Platina9 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

BPI-sertifiseringa gjeld berre for sal etter 1994.[95]

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Føregangar
Toppen av VG-lista
The Beatles

10 veker
Veke 50, 1968–veke 6, 1969
Etterfylgjar
Help Yourself
Tom Jones