The Sound of Silence

(Omdirigert frå The Sounds of Silence)
The Sound of Silence
Singel av Simon & Garfunkel
frå albumet Sounds of Silence
B-side

We've Got a Groovy Thing Goin'

Språkengelsk
Utgjeve12. september 1965
Innspelt15. juni 1965 (overdubba versjon); originalvokal spelt inn 10. mars 1964
StudioColumbia Recording, New York City
SjangerFolkrock[1]
Lengd3:05
SelskapColumbia
KomponistPaul Simon
TekstforfattarPaul Simon
Låtskrivar(ar)Paul Simon
ProdusentTom Wilson
Simon & Garfunkel-kronologi 
«I'm Lonesome»
(1963)
The Sound of Silence«Homeward Bound»
(1966)


«The Sound of Silence» er songen som gjorde viseduoen Simon & Garfunkel kjend. Han vart skriven i februar 1964 av Paul Simon etter mordet på John F. Kennedy den 22. november 1963.[2] Etter at songen vart miksa på ny og det vart lagt elektriske instrument oppå den originale akustiske utgåva, vart songen gjeven ut på singel og har seinare vorte kalla ein av dei «viktigaste folkrock-songane».[3]

Simon spelar akustisk gitar på songen, medan både Simon og Garfunkel syng. Han vart opphavleg spelt inn som ein akustisk song for det første albumet Wednesday Morning, 3 A.M. i 1964, men produsenten på songen, Tom Wilson, la seinare på elektriske instrument på eige initiativ og gav han ut som singel i september 1965.[4][5] Singelen nådde førsteplassen nyårsdag 1966 og vart så gjeven ut på albumet Sounds of Silence i 1966.

Songen vart opphavleg kalla «The Sounds of Silence» og er skriven slik på tidlege album og på singelen. På seinare samlingar er han kalla «The Sound of Silence». Begge utgåver av tittelen finst i teksten til songen. I boka si Lyrics 1964–2008 skriv Simon sjølv tittelen i eintalsform.

Historie

And the people bowed and prayed
To the neon god they made.
And the sign said, "The words of the prophets are written on the subway walls
And tenement halls
And whispered in the sounds of silence."

Paul Simon (1964)

Simon starta å skrive songen etter drapet på Kennedy. Han hadde kom fram til musikken, men drøyde med teksten. Den 19. februar 1964 var teksten òg ferdig, som Simon sjølv fortel:

«Hovudgreia med å spele gitar var at eg kunne sitje for meg sjølv og spele og drøyme. Og eg likt alltid å gjere det. Eg pleidde å gå inn på badet, fordi badet var flislagt, så det var alltid litt ekko. Eg opna kranen slik at vatnet rant - eg likar den lyden, det var veldig beroligande på meg - og eg spelte. Det var mørkt. 'Hello darkness, my old friend / I've come to talk with you again'.[6]»

Simon spelte den nye songen for Garfunkel same dag og kort tid etter spelte duoen songen på viseklubbar i New York. I teksten til plateomslaget til Wednesday Morning, 3 A.M., skriv Garfunkel:

«'The Sound of Silence' er eit stort stykke arbeid. Vi leitte etter ein stor song, men dette var meir enn nokon av oss hadde venta.[7]»

Duoen spelte inn songen første gong 10. mars og tok han med på Wednesday Morning, 3 A.M., som kom ut oktober 1964.[8] Albumet gjorde det dårleg då det kom ut, og duoen vart oppløyst. Simon reisten til England og var der det meste av 1965. Her spelte han ofte songen solo på viseklubbar og spelte songen inn på ny for soloalbumet sitt The Paul Simon Songbook i mai 1965.

Samstundes hadde produsenten til Simon & Garfunkel i Columbia Records i New York, Tom Wilson, fått vite at radiostasjonar i Boston og i Florida hadde byrja å spele songen.

15. juni 1965, like etter innspelinga av Bob Dylan sin «Like a Rolling Stone», som Wilson òg produserte, tok han den originale versjonen til Simon & Garfunkel frå 1964 og la på elektrisk gitar (av Al Gorgoni), elektrisk bass (Bob Bushnell) og trommer (Bobby Gregg) og gav han ut som singel, utan å spørje Simon eller Garfunkel først. Dette kom av at sjølv om dei framleis hadde kontrakt med Columbia Records eksisterte ikkje duoen lenger.[4][9][10] Roy Halee var lydteknikar, som la på ein ekkoeffekt på songen, etter at The Byrds hadde nytta slike effektar med stor suksess.[4]

Som B-side valde Wilson ein song som tidlegare ikkje var gjeven ut, men som duoen hadde spelt inn nokre månader tidlegare for å prøve ein meir «moderne» stil. Singelen «Sounds of Silence» gjekk inn på den amerikanske singellista i september 1965 og starta sakte å klatre.

Simon fekk vite at singelen hadde gått inn på lista berre minuttar før han skulle spele på ein viseklubb i København i Danmark og seinare på hausten reiste han attende til USA. Mot slutten av 1965 og dei første få vekene av 1966 låg songen på førsteplassen i USA. Simon & Garfunkel slo seg då saman att og tok med songen på det neste albumet deira, Sounds of Silence, som vart innspelt i all hast i desember 1965 og gjeven ut i januar 1966 for å gjere seg nytte av suksessen deira. Songen gjorde dei til store stjerner i lag med to andre hitsinglar sommaren 1966, «I Am a Rock» og «Homeward Bound». I 1999 kåra BMI «The Sound of Silence» til den 18. mest framførte songen på 1900-talet.[11] I 2004 vart han rangert på 156. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Salslister og salstrofé

Vekeslister

Liste (1965–68)Plassering
Australia (Kent Music Report)3
Austerrike singellista3
Belgia (Flandern)[12]11
Canada RPM[13]4
Vest-Tyskland Media Control Charts9
Japan (Oricon)[14]1
Nederland Singels Chart10
New Zealand (Listener)[15]2
Sør-Afrika (Springbok Radio)[16]1
Spania Singels Chart[17]17
Sveits[18]94
US Billboard Hot 1001
US Cash Box Top 100[19]1
Zimbabwe[20]3

Årslister

Liste (1966)Plassering
Sør-Afrika[21]10
US Billboard Hot 100[22]54
US Cash Box Top 100[23]2

Salstrofé

RegionSalstroféSalstal
Italia (FIMI)[24]Gull25 000*
Storbritannia (BPI)[25]Gull400 000^
USA (RIAA)[26]Gull1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Songen i filmar

  • Songen vart nytta tre gonger i filmen The Graduate, og vart spelt både under rulleteksten i starten og slutten av filmen.
  • I filmen Bobby vart han spelt under sigerstalen til Robert Kennedy, like før han vart drepen.
  • I filmen More American Graffiti frå 1966 kan ein høyre songen etter ein større slåsskamp på ein bar.
  • I Watchmen frå 2009 finst songen på filmmusikkalbumet og vart nytta under gravferda til The Comedian.

Disturbed-versjonen

The Sound of Silence
Singel av Disturbed
frå albumet Immortalized
Språkengelsk
Utgjeve7. desember 2015
SjangerPianorock[27]
Lengd4:08
SelskapReprise
KomponistPaul Simon
TekstforfattarPaul Simon
Låtskrivar(ar)Paul Simon
ProdusentKevin Churko
Disturbed-kronologi 
«The Light»
(2015)
The Sound of Silence«Open Your Eyes»
(2016)


Ein versjon av «The Sound of Silence» kom ut av det amerikanske heavy metal-bandet Disturbed den 7. desember 2015.[28][29] Det vart laga ein musikkvideo til versjonen.[30] Versjonen deira nådde toppen av Billboard Hard Rock Digital Songs[31] og Mainstream Rock-lista,[32] og er den høgaste plasseringa dei har fått på Hot 100,[33] med ein 42. plass. Det var òg den bestseljande singelen eira i Australia, der han nådde fjerdeplassen.

I april 2016 rosa Paul Simon versjonen.[34] Simon sendte vokalisten Draiman ein epost der han rosa framføringa deira på det amerikanske showet Conan og kalla det ei mektig framføring.[35] Musikkvideoen har blitt sett kring ein halv milliard gonger på YouTube, medan framføringa på Conan nærmar seg 100 millionar.

Vekeslister

Liste (2016)Plassering
Australia (ARIA)[36]4
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[37]1
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[38]23
Canada (Canadian Hot 100)[39]40
45
Frankrike (SNEP)[40]191
Tyskland (Media Control AG)[41]2
Tyskland (Airplay Chart)[42]28
Ungarn (Singel Topp 40)[43]36
Irland (IRMA)[44]57
New Zealand (Recorded Music NZ)[45]32
Portugal (AFP)[46]44
Portugal Digital Songs (Billboard)[47]1
Skottland (Official Charts Company)[48]8
Slovenia (SloTop50)[49]22
Sverige (Sverigetopplistan)[50]45
Sveits (Schweizer Hitparade)[51]12
UK Singles (Official Charts Company)[52]29
US Billboard Hot 100[53]42
US Hot Rock & Alternative Songs (Billboard)[54]3
US Rock Airplay (Billboard)[55]8
US Alternative Songs (Billboard)[56]22
US Mainstream Rock (Billboard)[57]1
US Hard Rock Digital Songs (Billboard)[31]1
Liste (2019)Plassering
Polen (Den polske Topp 5-lista)[58]67

Årslister

Liste (2016)Plassering
Australia (ARIA)[59]44
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[60]3
Tyskland (Official German Charts)[61]14
Sweden (Sverigetopplistan)[62]100

Salstrofé

RegionSalstroféSalstal
Australia (ARIA)[63]2× Platina140 000^
Austerrike (IFPI Austerrike)[64]Gull15 000x
Canada (Music Canada)[65]4× Platina320 000^
Tyskland (BVMI)[66]3× Gull450 000^
Italia (FIMI)[67]Gull15 000*
New Zealand (RMNZ)[68]Gull7 500*
Noreg(IFPI Noreg)[69]Platina10 000*
Sverige (GLF)[70]3× Platina120 000x
Sveits(IFPI Switzerland)[71]Gull15 000x
Storbritannia (BPI)[72]Sølv200 000^
USA (RIAA)[73]3× Platina1,502,000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre utgåver

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre The Bachelors, Barros de Alencar, Nick & Simon, Bitches Sin, The Smashing Pumpkins, Nevermore, Bananarama, The Coolies, Heir Apparent, The Dickies, All Angels, Atrocity, Gregorian, Emilíana Torrini, Ascension of the Watchers, Carlo Rossi, Adriano Pappalardo, Stanford Harmonics, Shaw Blades, Sharleen Spiteri, Garou, Point Valid, Anna Dabrowska, Alizée , Model M. og Disturbed.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landCarles PuigdemontSpesial:SøkSpesial:Siste endringarWikipedia:AtterhaldJonsokKrøllalfaPer PaustAndre verdskrigenBieMidsommarØresundbruaDet norske alfabetetGro Harlem BrundtlandBelgiaMastodontWikipedia:KontaktWikipediaLønnSvartifossIngerid StenvoldNasjonaldyrKleopatraVM i fotball 2022IslandEM i fotball 2024Google MapsTidvasskraftEM i fotball 2021TysklandFrankrikeRusslandNoregTrygve Slagsvold VedumN'Golo KantéJa, vi elsker dette landetEuropaTete Lidbom