The Marshall Tucker Band

The Marshall Tucker Band er eit amerikansk rockeband frå Spartanburg i Sør-Carolina. Dei blanda blues, country og jazz inn i rockemusikken sin og var med på å etablere southern rock som sjanger tidleg i 1970-åra.[2] Sjølv om bandet nådde det kommersielle høgdepunktet sitt mot slutten av 1970-åra, har dei vore kontinuerleg aktive sidan dei starta i 1972.[2] Solovokalisten Doug Gray er det einaste originale medlemmet att i bandet.

The Marshall Tucker Band

The Marshall Tucker Band i 2006
OpphavSpartanburg i Sør-Carolina i USA
AktivSidan 1972
Sjanger
Tilknytte artistarCharlie Daniels, The Allman Brothers Band, Eric Quincy Tate, Lynyrd Skynyrd
PlateselskapCapricorn, Warner Bros., Mercury, Cabin Fever, Ramblin'
MedlemmerDoug Gray (originalt medlem)
Marcus James Henderson
Chris Hicks
Rick Willis
Tony Black
B.B. Borden
Tidlegare medlemmerJerry Eubanks (originalt medlem)
Toy Caldwell (originalt medlem) (d. 1993)
George McCorkle (originalt medlem) (d. 2007)
Paul Riddle (originalt medlem)
Tommy Caldwell (originalt medlem) (d. 1980)
Franklin Wilkie
Stuart Swanlund
Andy Parks
Rusty Milner
Tim Lawter
Ronnie Godfrey
Bobby Ogdin
Bob Wray
James Stroud
Tom Robb
Ace Allen
Don Cameron
Frank Toler
Mark Pettey
Ronald Radford
Todd Davis
Paul Thompson
Garry Guzzardo
David Muse
Clay Cook
James Harold Brown
Tony Heatherly
Pat Elwood

Den originale besetninga frå 1972 bestod av solo- og steelgitaristen, vokalisten og låtskrivaren Toy Caldwell (1947–1993), solovokalisten Doug Gray (fødd 1948), klaverspelaren, saksofonisten og fløytisten Jerry Eubanks (fødd 1950), rytmegitaristen George McCorkle (1947–2007), trommeslagaren Paul Riddle (fødd 1953) og bassisten Tommy Caldwell (1949–1980). Dei signerte for Capricorn Records og gav ut det første albumet sitt i 1973, The Marshall Tucker Band.

Etter at Tommy Caldwell omkom i ei bilulukke i 1980, vart han erstatta av bassisten Franklin Wilkie. Dei fleste av dei originale medlemmane hadde slutta i bandet innan midten av 1980-åra for å driva med andre prosjekt.[3] Den noverande besetninga består av Gray på vokal, klaverspelaren, saksofonisten og fløytisten Marcus James Henderson, gitaristane Chris Hicks og Rick Willis, bassisten Tony Black og trommeslagaren B.B. Borden.[4]

Namnesoge

Namnet «Marshall Tucker» syner ikkje til eit bandmedlem, men til ein blind pianostemmar frå Columbia i Sør-Carolina.[5] Då bandet diskuterte mogelege namn i eit gammalt lager dei leigde som øvingslokale, merka ein av dei ein nøkkel med namnet «Marshall Tucker» på, og føreslo at dei kunne kalle seg «The Marshall Tucker Band», og forstod ikkje at det var ein faktisk person. Seinare vart det kjend at Marshall Tucker var ein blind pianostemmar som hadde stemd piano i lokalet før bandet, og at nøkkelen var hans.[6] Musikkhistorikaren Joel Whitburn skriv feilaktig at «Marshall Tucker» eigde øvingslokalet i boka si Top Pop Singles, 1955-2002.[7]

Historie

Tidleg historie

Dei originale medlemmane (og somme av dei seinare medlemmane) i The Marshall Tucker Band hadde spelt i forskjellige band under forskjellige namn kring Spartanburg-området sidan tidleg i 1960-åra. I 1966 kom medlemmar av fleire av desse banda saman i The Toy Factory, kalla opp etter gitaristen Toy Caldwell. The Toy Factory skifta stadig medlemmar, og inkluderte mellom anna Caldwell, den yngre broren Tommy, Doug Gray, Jerry Eubanks, George McCorkle og Franklin Wilkie. Seint i 1960-åra vart fire av bandmedlemmane kalla inn til det amerikanske forsvaret.[8][9][10] Toy Caldwell var marinesoldat og fekk Purpurhjartet etter at han vart skadd i Vietnamkrigen.[11]

I starten av 1970-åra hadde Toy Caldwell og George McCorkle flytta attande til Spartanburg, og The Toy Factory byrja å spele på klubbar i området.[12] I 1970 varma The Toy Factory opp for The Allman Brothers då dei spelte på Sitar i Spartanburg.

I 1972 endra Caldwell og McCorkle igjen på besetninga i bandet, og slo seg til slutt til ro med Tommy Caldwell på bass, George McCorkle på rytmegitar, songaren Doug Gray og Jerry Eubanks på fløyte og tenorsaksofon, medan Paul Riddle vart lagt til på trommer. Den nye besetninga tok namnet «Marshall Tucker Band». Wet Willie-songaren Jimmy Hall sa til Toy Caldwell at dei burde spele på Grant's Lounge i Macon i Georgia, noko dei gjorde. Etter å ha høyrd band på Grant's, spelte Buddy Thornton og Paul Hornsby inn ein demo av bandet i Capricorn Studios i Macon. Frank Fenter og Phil Walden signerte kontrakt med The Marshall Tucker Band basert på desse demoane.

1970-åra

Det sjølvoppkalla debutalbumet til The Marshall Tucker Band vart produsert av Paul Hornsby og kom ut i 1973, og selde til gullplate i 1975.[13] Alle spora var skrivne av Toy Caldwell, inkludert «Can't You See», som kom ut i 1973 som Capricorn 0023 (nådde 108. plassen på den amerikanske singellista 1. september 1973) og kom ut på ny i 1977 på Capricorn 0278 (nådde då 75. plassen den 24. september 1977). Etter at albumet kom ut byrja bandet å turnere, og spelte opp mot 300 konsertar per år ut tiåret.[13] Southern rock-felespelaren Charlie Daniels sa seinare at då The Marshall Tucker Band «kom på scenen bles dei oss av banen frå start til slutt.»[14]

Det første av mange samarbeid mellom Daniels og The Marshall Tucker Band kom på det andre albumet deira, A New Life,[14] som kom ut i 1974, og selde til gullplate i 1977.[13] Daniels og bluesgitaristen Elvin Bishop var blant fleire musikarar som vart medlem av bandet for Where We All Belong,[14] eit dobbeltalbum (ei studioplate og ei konsertplate) gjeve ut av bandet i 1974. Det selde til gullplate same året. Året etter kom Searchin' for a Rainbow som òg selde til gullplate i løpet av året det kom ut, og inneheld songen «Fire on the Mountain,» som nådde 38. plassen på Billboard-lista. Long Hard Ride, det femte gullalbumet deira på rad, kom ut i 1976,[14] og det instrumentale tittelsporet (igjen med Charlie Daniels på fele) vart nominert til ein Grammy.[15] Carolina Dreams, gjeve ut i 1977 og sertifisert til platinaplate same året, vart den største suksessen deira, og inneheldt sporet «Heard It in a Love Song», som nådde 14. plassen på Billboard-lista.[13] Det siste albumet deira på Capricorn kom i 1978 med Together Forever, som vart produsert av Stewart Levine.[14] Etter at Capricorn gjekk konkurs, flytta The Marshall Tucker Band til Warner Bros. Records for det niande albumet sitt, Running Like the Wind (det åttande var eit samlealbum kalla Greatest Hits), og dei nytta framleis Levine som produsent.

1980-åra

22. april 1980, etter at dei fullførte det tiande albumet sitt, Tenth (niande studioalbumet), fekk bassisten og med-grunnleggjaren Tommy Caldwell massive hovudskadar i ei bilulukke og døydde seks dagar seinare. Den tidlegare Toy Factory-bassisten Franklin Wilkie erstatta Caldwell for det neste albumet deira, Dedicated, men bandet klarte aldri å gjenskape den same suksessen som dei hadde hatt i 1970-åra. På Tuckerized frå 1982, var berre to av songane skrivne av bandmedlemmar: «Sea, Dreams & Fairy Tales» av Toy Caldwell og «Sweet Elaine» av George McCorkle. Hovudlåtskrivaren Toy Caldwell bidrog berre på tre songar til dei kvar av dei to albuma som kom ut i 1983: Just Us og Greetings from South Carolina. Etter Greetings from South Carolina i 1983, slutta alle dei originale medlemmane, utanom Doug Gray og Jerry Eubanks.[2]

I 1988 spelte Gray og Eubanks inn albumet Still Holdin' On, det einaste dei gav ut på Mercury Records. Sjølv om Gray og Eubanks fekk med seg dei nye medlemmane Rusty Milner, Stuart Swanlund og Tim Lawter, vart Still Holdin' On hovudsakleg spelt inn med innleigde studiomusikarar. Dei nyare medlemmane (inkludert klaverspelaren Don Cameron) fekk ei langt større rolle på det neste albumet, Southern Spirit i 1990, som kom ut på Sisaspa. Her gjekk bandet attende til country- og bluesrøtene sine.[16]

1990-åra

I 1992 gav The Marshall Tucker Band ut det første albumet sitt for Cabin Fever, Still Smokin', som klarte å nå topp 70 på Billboard-lista. I 1993 kom Walk Outside the Lines, som markerte ein overgang til ein meir countrydominert stil, og la mindre vekt på dei lange, improviserte jammane som hadde vore varemerket deira tidleg i karrieren.[17] Tittelsporet var skriven i lag med countrystjerna Garth Brooks, som i mange år hadde vore fan av bandet og som rekna det å skrive ein song for dei som ein «milepåle» i karrieren hans.[13]

I 1998 kom Face Down In the Blues, der bandet fekk inn gitarist Ronald Radford frå Spartanburg-området og Firefall-medlemmet David Muse, som spelte fleire insturment. Han erstatta Jerry Eubanks, som trekte seg attende i 1996.[14] Gospel kom ut i 1999 der bandet spelte tradisjonelle songar som «The Wayfaring Stranger» og «Will the Circle Be Unbroken».

Etter 2000

The Marshall Tucker Band har halde fram å spele inn musikk og halde konsertar etter år 2000, og har spelt mellom 150 og 200 konsertar i året.[6] Bandet gav ut fleire av albuma sine frå 1970-åra på nytt på sitt eige Ramblin' Records, i tillegg til to doble samlealbum. Det første (Anthology) dekte den 30 år lange karrieren deira, og det andre (Where a Country Boy Belongs) var ei samling av countrysongane deira. I 2004 gav dei ut eit nytt studioalbum, Beyond the Horizon, etterfølgd året etter med julealbumet Carolina Christmas.

«Can't You See» vart nytta som opningssong og under rulleteksten for Kevin Costner-filmen Swing Vote frå 2008. «Take the Highway» vart òg nytta i filmen. «Can't You See» er òg nytta i filmen Blow frå 2001 og I, Tonya frå 2017.

Musikkstil

Tommy Caldwell skildra musikken til The Marshall Tucker Band som progressiv country, og forklarte at bandet spelte countrystrukturar og riff kombinert med jazzimprovisasjonar der dei bygde meir komplekse strukturar frå eit countrygrunnlag.[1] Bandet har gjennom karrieren nytta forskjellige stilar i musikken sin, som blues,[18][19][20][21] country[18][19][21] og jazz,[18][21] i tillegg til boogie,[20] psykedelisk,[22] R&B,[22] gospel,[22] folk[22] og rock and roll.[19]

Den varierte musikken deira har ofte blitt kategorisert som southern rock.[19][21][23][24][25][26] Musikken deira er òg blitt skildra som bluesrock,[27] countryrock,[23] jazzrock[23] og som «proto-jamband».[27] Billboard-lista har skildra dei som country, blues og adult contemporary.[21]

Det sjølvoppkalla debutalbumet vart kategorisert som countryrock,[22] progressiv rock[23] og «ein Southern rock-klassikar».[28] Gitaristen og låtskrivaren Toy Caldwell nytta mykje bluegrass og country då han skreiv songane sine for debutalbumet.[20] Oppfølgjaren, A New Life, vart rekna for å ha ein mykje meir countryprega stil.[18][29] Where We All Belong har blitt skildra som eit «klassisk rock and roll-album».[30] Albumet Running Like the Wind frå 1979 inneheld poprock og jazzfusion.[23] Oppfølgjaren Tenth inneheld boogierock.[31] Albumet Face Down in the Blues består, som tittelen indikerer, berre av blues.[21]

Diskografi

Studioalbum

ÅrAlbumListeplasseringarRIAASelskap
USUS CountryCAN
1973The Marshall Tucker Band29GoldCapricorn
1974A New Life3735Gold
Where We All Belong (2-LP; ei studioplate, ei konsertplate)5491Gold
1975Searchin' for a Rainbow1521Gold
1976Long Hard Ride322164
1977Carolina Dreams23227Platinum
1978Together Forever222624Gold
1979Running Like the Wind30Warner Bros.
1980Tenth32
1981Dedicated53
1982Tuckerized95
1983Just Us204
Greetings from South Carolina202
1988Still Holdin' OnMercury
1990Southern SpiritCapitol
1992Still Smokin'Cabin Fever
1993Walk Outside the Lines
1998Face Down in the BluesK-Tel
1999Gospel
2004Beyond the Horizon
2005Carolina Christmas
2007The Next Adventure

Konsertalbum

ÅrAlbumListeplasseringarRIAASelskap
USUS CountryCAN
1974Where We All Belong (2-LP; ei studioplate, ei konsertplate)5491GoldCapricorn
2003Stompin' Room Only: Greatest Hits Live 1974-76Shout! Factory
2006Live on Long Island 04-18-80
2007Carolina Dreams Tour '77
2010Way Out West! Live From San Francisco 1973
2013Live! From Spartanburg, South Carolina
2015Live in the UK 1976Ramblin'

Samlealbum

ÅrAlbumListeplasseringarRIAASelskap
USUS CountryCAN
1978Greatest Hits671968PlatinumCapricorn
1994The Capricorn YearsEra
1996Country TuckerK-Tel
1997The Encore CollectionBMG
MT BluesK-Tel
1998Keeping the Love AliveRebound
2005Anthology: The First 30 YearsShout! Factory
2006Where a Country Boy Belongs
2008Collector's EditionMadacy
2009Love SongsShout! Factory
The Essential MTB 3.0
2011Greatest Hits [Expanded Edition]Ramblin'

Singlar

ÅrSingelListeplasseringAlbum
USUS CountryUS RockCANCAN CountryCAN AC
1973«Can't You See»108The Marshall Tucker Band
«Take the Highway»
1974«Another Cruel Love»A New Life
1975«This Ol' Cowboy»78Where We All Belong
«Fire on the Mountain»3881Searchin' for a Rainbow
1976«Searchin' for a Rainbow»10482
«Long Hard Ride»63Long Hard Ride
1977«Heard It in a Love Song»14512553824Carolina Dreams
«Can't You See» (Re-release)755739Greatest Hits
1978«Dream Lover»7580Together Forever
«I'll Be Loving You»
1979«Last of the Singing Cowboys»4297Running Like the Wind
«Running Like the Wind»
1980«It Takes Time»79Tenth
«Without You»
1981«This Time I Believe»106Dedicated
«Silverado»60
«Tell the Blues to Take Off the Night»
«Love Some»
1982«Mr. President»Tuckerized
«Reachin' for a Little Bit More»
1983«A Place I've Never Been»62Just Us
1984«I May Be Easy But You Make It Hard»Greetings From South Carolina
1987«Hangin' Out in Smokey Places»44Still Holdin' On
1988«Once You Get the Feel of It»79
«Still Holdin' On»
1990«Stay in the Country»26Southern Spirit
1992«Driving You Out of My Mind»68Still Smokin'
1993«Walk Outside the Lines»71Walk Outside the Lines
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista

Musikkvideoar

ÅrVideoRegissør
1981«Even a Fool Would Let Go»
«Silverado»
1990«Stay in the Country»
«Destruction»
1992«Driving You Out of My Mind»George Bloom[32]
«Frontline»
«Tan Yard Road»
1993«Walk Outside the Lines»D. Gray, J. Gerik
«Down We Go»D. Gray, J. Gerik, K. Mandel[33]

Kjelder

Bakgrunnsstoff