«The Look of Love» er ein song komponert av Burt Bacharach med tekst av Hal David og mellom anna sungen av den engelske popsongaren Dusty Springfield. Han vart nytta i 1967 i James Bond-filmen Casino Royale. I 2008 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame.[1] Han vart òg nominert til beste song Oscarprisen i 1968.
Musikken vart komponert av Burt Bacharach og han var opphavleg meint som ein instrumental. Seinare skreiv Hal David tekst til songen og han vart publisert i 1967. I følgje Bacharach var melodien inspirert av å sjå Ursula Andress i ein tidleg versjon av filmen.
Songen vart opphavleg spelt inn av Dusty Springfield for Casino Royale-soundtracket og vart nominert til ein Oscarprisen i 1968 og nådde Topp 40 i USA. Phil Ramone, som var lydteknikar på soundtracket, spelte inn songen på eiga hand frå resten av filmspora. Springfield spelte inn songen på ny same året i London, med ein hås saksofonsolo, og gav han ut som B-side til «Give Me Time». Claudine Longet spelte inn songen på albumet hennar frå 1967 med same namn. Lainie Kazan spelte òg inn «The Look of Love» (arrangert av Pat Williams) i 1967 for albumet Love is Lainie. Nina Simone spelte inn «The Look of Love» i 1967 på albumet hennar Silk & Soul. Sérgio Mendes sin hit-versjon på Sérgio Mendes & Brazil '66-albumet Look Around og nådde fjerdeplassen på poplista etter dei framførte songen på Oscarpris-utdelinga i mars 1968. Solovokalen på denne singelen vart gjort av Janis Hansen, ikkje Lani Hall, som var sjeldan med Brazil '66. Andy Williams gav ut ein versjon i 1967 på albumet hans, Love, Andy. Soulgruppa The Delfonics spelte òg inn songen i 1968 på albumet deira La La Means I Love You.
Isaac Hayes spelte inn songen i 1970 for albumet ...To Be Continued. Hayes nytta same teksten, men laga ein unik instrumentalbit som har vorte mykje sampla på R&B- og hip-hop-innspelingar.
El Chicano spelte «The Look of Love» i 1970 på albumet Viva Tirado .
Chris Botti – A Thousand Kisses Deep (2003). (Chantal Kreviazuk syng gjestevokal).[2] Botti also recorded it on Live: With Orchestra and Special Guests (2006) with Paula Cole and Burt Bacharach.[3]
Odell Brown – Ducky (1967)
Ray Bryant – Sound Ray (1969)
Jean Carne med Grover Washington, Jr. – Collaborations (2002)
Diana Krall (med London Symphony Orchestra) – The Look of Love (2001) og Live in Paris (2002). Krall-albumet selde til platina og nådde Topp 10 på Billboard 200. Han toppa den kanadiske albumlista og selde til 4x platina i Canada.
Claudine Longet – 1967
Amanda Lear –
Eliot Lewis – Master Plan (gjeve ut 2003); Eliot Lewis – The Originals (gjeve ut september 2010)
Ramsey Lewis – Up Pops (1967)
Shelby Lynne – Just a Little Lovin' (hyllest til Dusty Springfield)
Songen vart spelt i ein scene med Peter Sellers og Ursula Andress, for filmen Casino Royale James Bond 007! (1967).
Austin Powers: International Man of Mystery (1997), Susanna Hoffs frå The Bangles syng melodien.
På keyboardet Yamaha DGX-serien er «The Look of Love» ein demosong.
Ein instrumental versjon nytta i filmen The Boys in the Band (1970), regissert av William Friedkin.
Ein rollefigur nynnar songen i filmen Alive (1993).
Han vart nytta i ein fjernsynsreklame for McDonald's i midten av 1990-åra.
I filmen Dead Presidents (1995) vart Isaac Hayes-versjonen nytta i ein scene der rollefigurane Kirby, Joe og Anthony køyrer i bil etter Anthony har kome attende frå Vietnamkrigen.
Songen vert nytta i filmen Catch Me If You Can (2002) i ein romantisk scene i sett til 1964.
Songen vert spelt under bryllaupet til Rachel og Heck i filmen Imagine Me & You.
Songen vert òg nytta i filmen I Think I Love My Wife (2007), skriven og regissert av Chris Rock. Erica Canales syng songen produsert av Marcus Miller.
Songen vart nytta i ein episode av «The Sarah Silverman Program» kalla «Vow Wow».
Songen vert nytta i filmen «Toast» (2010).
Songen vart fjerna frå premiereepisoden for sesong fem av Mad Men.
Songen vart nytta i filmen The Look of Love (2013), av Imogen Poots.