The Great Society

The Great Society (òg kjend som The Great!! Society!!) var eit rockeband frå San Francisco som eksisterte frå 1965 til 1966, og var nært knytt til det blømande acidrockmiljøet i Bay Area på pden tida. Den mest kjende besetninga bestod av Grace Slick på vokal, den dåverande ektemannen Jerry Slick på trommer, broren hans Darby Slick på gitar, David Minervokal og gitar, Bard DuPont på bass og Peter van Gelder på fløyte, bass og saksofon. Miner og DuPont var ikkje med i bandet heile perioden.[3]

The Great Society

Grace Slick, Jerry Slick, David Miner, Bard Dupont og Darby Slick i 1965.
OpphavSan Francisco i California i USA
Aktiv1965–1966
SjangerPsykedelisk rock,[1] acidrock[2]
Tilknytte artistarJefferson Airplane
PlateselskapNorthbeach, Challenge, Columbia, Sundazed
Tidlegare medlemmerDarby Slick
Grace Slick
Jerry Slick
Peter van Gelder
David Miner
Bard Dupont
Oscar Daniels
Jean Piersol

Bandet gav berre ut ein singel medan dei varte, Darby Slick-songen «Someone to Love» (med «Free Advice» som B-side). Singelen kom ut i februar 1966 på Autumn Records, men vart ikkje lagt merke til utanfor Bay Area. Innspelinga vart produsert av produsenten på selskapet, Sylvester Stewart (betre kjend som Sly Stone), som på den tida var i ferd med å skipe sitt eige band, Sly and the Family Stone. Stewart slutta til slutt som produsenden deira, då det tok The Great Society over femti forsøk på å spele inn ein brukande versjon av songen «Free Advice».

Bandet byrja å varme opp for Jefferson Airplane og andre populære, lokale band og Columbia Records tilbaud The Great Society ein platekontrakt. Men då kontrakten kom i posten, valde Grace å erstatte vokalisten Signe Toly Anderson i Jefferson Airplane.[4] Sidan Grace hadde vore midtpunktet i bandet, klarte dei ikkje å halde saman utan henne og vart oppløyst hausten 1966. Grace og Jerry Slick vart etter kort tid òg skilde.

Jefferson Airplane spelte inn «Someone to Love» (omdøypt «Somebody to Love») og Grace sin eigen «White Rabbit» for Surrealistic Pillow. Begge songane kom ut på singlar i 1967 og nådde høvesvis femte og åttandeplassen på Billboard Hot 100.[5] Columbia Records gav så ut konsertopptak med The Great Society, som Conspicuous Only in its Absence i 1968.

Medlemmar

Diskografi

Album

AlbumSelskapUtgjevingInnspelingDetaljar
Conspicuous Only in Its Absence1Columbia19681966Konsertopptak utgjeven etter Jefferson Airplane fekk suksess
How It WasColumbia19681966Fleire konsertopptak
Collector's ItemColumbia19711966Dobbelplate med dei to tidlegare Columbia-platene
Live at the MatrixEdsel/Demon19891966Britisk nyutgjeving av dei same konsertopptaka som tidlegare
Born to Be BurnedSundazed19951965Akrivmateriale med tidlegare ikkje ugjevne studioinnspelinga

Singlar

  • «Someone to Love»/«Free Advice» (Northbeach No. 1001) februar 1966
  • «Sally, Go 'Round The Roses»/«Didn't Think So» (CBS 44583) 1968

Kjelder

Bakgrunnsstoff