Tell Rifaat

Tell Rifaat (arabisk تل رفعت, òg skrive Tel Rifaat, Tel Rif'at eller Tal Rifaat) er ein liten by nord i Syria i Aleppo guvernement, kring 40 kilometer nord for Aleppo. Av stader i nærleiken finn ein A'zaz i nord, Mare' i aust, Kafr Naya i sør, Deir Jamal og Aqiba i sørvest og Ibbin i vest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Tell Rifaat eit folketal på 20 514 i 2004.[1]

Tell Rifaat
تل رفعت
by
Land Syria
GuvernementAleppo
DistriktA'zaz
NahiyahTell Rifaat
Koordinatar36°28′24″N 37°5′50″E / 36.47333°N 37.09722°E / 36.47333; 37.09722
Folketal 20 514  (2004)[1]
TidssoneEET (UTC+2)
Kart
Tell Rifaat
36°28′24″N 37°05′50″E / 36.473333333333°N 37.097222222222°E / 36.473333333333; 37.097222222222

Historie

Tell Rifaat har vore busett sidan jarnalderen då han vart kalla «Arpad».[2] Han vart hovudstad i den nordsyriske arameiske staten Bet-Gus, som vart grunnlagd av Gus av Yahan på 800-talet fvt.[2] Bet-Gus strekte seg frå A'zaz-området i nord til Hamath i sør.[3]

Arpad vart seinare ein stor vasallby i kongedømet Urartu. I 743 fvt., under Urartu-Assyria-krigen, kringsette den nyassyriske kong Tiglath-Pileser II Arpad etter nederlaget for Urartu under Sarduri II ved Samsat. Kringsetjinga enda då assyrarane erobra byen i 743 fvt.[4] Arpad tente så som provinshovudstad.[5] Restane av bymurane kring Arpad er framleis godt bevart i Tell Rifaat med ei høgd på opp til åtte meter.[6]

Det låg ein busetnad der dagens Tell Rifaat ligg i dag under Selevkideriket (301 fvt.-63 fvt.). Ei mengde myntar frå denne perioden vart oppdaga i 1967.[7] Etter den nærliggande Tell Aran, er Tell Rifaat den største tellen i Jabal Simeon-området.[8]

Den syriske borgarkrigen

Tell Rifaat var ei tid kringsett av syriske tryggingsstyrkar under den syriske borgarkrigen, som byrja i 2011. Fram til FSA fekk kontroll over byen, fekk ikkje innbyggjarane matforsyningar, inkludert brød, frå Aleppo.[9]

Tidleg på sommaren 2012 trekte dei syriske styresmaktene seg frå Tell Rifaat og vart erstatta av eit råd som bestod av lokale, islamske lærde, dommarar og tidlegare syriske offiserar, og styrte med sjarialover som grunnlag.[10] Byen vart underlagt Den frie syriske armeen (FSA).[10] Etter erobringa til FSA, har opprørarar transportert mjøl for å lage brød frå Tyrkia til Tell Rifaat.[9] I dag er byen kontrollert av Den islamske staten Irak.[11]

Den 8. august 2012 vart Tell Rifaat bomba av det syriske luftforsvaret, og seks menneske mista livet.[12]

Kjelder