Tattoo You

Tattoo You
Studioalbum av The Rolling Stones
Språkengelsk
Utgjeve24. august 1981
InnspeltNovember–desember 1972, Januar–mars 1975, January–mars 1978, Januar–oktober 1979, oktober 1980 – juni 1981
SjangerRock, hardrock, rock and roll
Lengd44:23
SelskapRolling Stones
ProdusentThe Glimmer Twins
The Rolling Stones-kronologi 
Emotional Rescue
(1980)
Tattoo YouUndercover
(1983)
Singlar frå Tattoo You
  1. «Start Me Up»
    Utgjeve: 14. august 1981
  2. «Waiting on a Friend»
    Utgjeve: 30. november 1981
  3. «Hang Fire»
    Utgjeve: April 1982

Tattoo You er eit album av The Rolling Stones som kom ut i 1981. Han var oppfølgjaren til Emotional Rescue og var eit kritikarrost og eit kommersielt suksessrikt album då det kom ut. Framleis vert albumet rekna som eit av dei beste The Rolling Stones-albuma.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]
The A.V. Clubfavourable[2]
Blender5/5 stars
Robert ChristgauA–[3]
The Great Rock Discography6/10[4]
MusicHound3/5[5]
NME6/10[6]
Rolling Stone5/5 stars[7]
The Rolling Stone Album Guide4.5/5 stars[8]
Virgin Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[4]

Historie

Tattoo You består hovudsakleg av tidlegare innspelingar som gjekk nesten ti år bakover i tid med ny vokal og enkelte nye lydspor lagt oppå. I tillegg til to nye songar, sette Stones saman denne samlinga for å ha eit nytt album å promotere då dei la ut på ein verdsomfattande turne i september 1981. «Tops» og «Waiting on a Friend» vart spelt inn seint i 1972 under innspelinga av Goats Head Soup (med Mick Taylor på gitar). Taylor kravde seinare honorar for albumsalet, noko han òg fekk. «Slave» og «Worried About You» vart spelte inn i 1975 under innspelinga av Black og Blue i Rotterdam. Dei har med Billy Preston på tangentar og Ollie Brown perkusjon. Wayne Perkins spelar sologitar på «Worried About You». Songane «Hang Fire», «Start Me Up» og «Black Limousine» vart opphavleg spelt inn i 1977 under innspelinga av Some Girls. «Start Me Up» vart først spelt inn som ein reggaesong i 1975 som «Never Stop», men vart ikkje gjeven ut den gong. «Black Limousine» vart trekt fram att og arbeida med under innspelinga av Emotional Rescue i 1979. «Little T&A» og «No Use in Crying» kom frå innspelinga av Emotional Rescue. «Neighbours» og «Heaven» var dei einaste nye innspelingane (frå april til juni 1981) på albumet, men bandet hadde alt starta på «Neighbours» under arbeidet med Emotional Rescue.

På nokre av dei eldste songane vart det lagt på nye lydspor og dei vart miksa under innspelinga av Emotional Rescue i 1971 eller i 1981 då Tattoo You vart sett saman.

The Rolling Stones delte Tattoo You inn i to delar, ei side med rock and roll-songar og den andre med større fokus på balladar.

«Start Me Up» vart gjeven ut som singel i august 1981, ei veke før sjølve albumet. Han vart godt teken imot og nådde Topp 10 i store delar av verda. Songen vert nærast rekna som ein signaturlåt og var med på å trekke albumet til førsteplassen i USA, der det låg i ni veker. I Storbritannia gjekk albumet til andreplassen og i Noreg til tredjeplass. Meldingane av albumet var òg positive og mange meinte det var eit steg opp i høve til det førre albumet, Emotional Rescue.

Sjølv om bandet framleis er populære i dag, var Tattoo You det siste albumet deira som nådde toppen i USA, og ingen singlar seinare nådde så høgt som «Start Me Up» (2. plass i USA).

Albumtittelen skulle opphavleg vere berre «Tattoo». Jagger hevdar at han ikkje anar korleis «You» kom til i tittelen. Dette skapte gnissingar mellom Jagger og Richards, som mistenkte at Jagger hadde endra tittelen utan å spørje han først.

I 1989 vart albumet rangert på 34. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 100 beste albuma i 1980-åra. I 2003 hamna albumet på 211. plass på lista deira over dei 500 best albuma gjennom tidene.

Innhald

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Start Me Up»3:32
2.«Hang Fire»2:21
3.«Slave»6:33
4.«Little T&A»3:23
5.«Black Limousine» (Mick Jagger/Keith Richards/Ronnie Wood)3:31
6.«Neighbours»3:31
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Worried About You»5:17
8.«Tops»3:45
9.«Heaven»4:22
10.«No Use in Crying» (Mick Jagger/Keith Richards/Ronnie Wood)3:25
11.«Waiting on a Friend»4:34

Medverkande

The Rolling Stones

  • Mick Jagger – solovokal (alle utanom 4), korvokal (alle utanom 5); elektrisk gitar (9, 10); munnspel (spor 5), perkusjon (spor 9)
  • Keith Richards – elektrisk gitar (alle utanom 9), korvokal (1-4, 6-7, 10); solovokal and bassgitar (spor 4)
  • Ronnie Wood – elektrisk gitar (alle utanom 7, 8, 9, 11), korvokal (1-2, 4, 6, 10); bassgitar (spor 2)
  • Bill Wyman – bassgitar (alle utanom 2, 4); synthesizer, elektrisk gitar og perkusjon (spor 9)
  • Charlie Watts – trommer, perkusjon (spor 9)
  • Mick Taylor – elektrisk gitar (8, 11)

Andre medverkande

Salslister

Vekeslister

Liste (1981–82)Plassering
Australske Kent Music Report[9]1
Den austerrikske albumlista[10]2
Den kanadiske RPM-lista[11]1
Den nederlandske albumlista[12]1
Den franske SNEP-lista[13]1
Den italienske albumlista[14]3
Den japanske Oricon-lista[15]8
Den newzealandske albumlista[16]1
Noreg - VG-lista[17]3
Den spanske albumlista[18]2
Den svenske albumlista[19]3
UK Albums Chart[20]2
US Billboard 200[21]1
Den tyske Media Control-lista[22]3

Årslister

Liste (1981)Position
Den australske albumlista[9]12
Den kanadiske albumlista[23]5
Den nederlandske albumlista[24]22
Den franske albumlista[25]40
Den italienske albumlista[14]27
UK Albums Chart[26]35
US Billboard 200[27]22
Liste (1982)Position
Den australske albumlista[9]20
Den kanadiske albumlista[28]51
Den nederlandske albumlista[29]72
US Billboard 200[30]11

Salstrofé

RegionSalstroféSalstal
Frankrike (SNEP)[31]Gull332,190[32]
Canada (Music Canada)[33]4× Platina400 000^
Nederland (NVPI)[34]Gull50 000^
Spania(PROMUSICAE)[35]Gull50 000^
Storbritannia (BPI)[36]Gull100 000^
USA (RIAA)[37]4× Platina4 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder