Tarn-et-Garonne

franske departement
Tarn-et-Garonne
Våpenskjoldet til Tarn-et-Garonne
Plassering
Plasseringa til Tarn-et-Garonne i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer:82
Region: Midi-Pyrénées
Préfecture:Montauban
Sous-préfectures:Castelsarrasin
Arrondissement:2
Kantonar:15
Kommunar:195
Président du conseil général:Michel Weill
Statistikk
FolketalRangering 86.
 -1999206 034
Folketettleik:55/km²
Landareal¹:3 718 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Tarn-et-Garonne er eit departementet sørvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Midi-Pyrénées.

Historie

Departementet vart oppretta 4. november 1808 under Det første keisardømet av Napoleon I. Departementet vart danna av nærliggande område. Meir enn halvparten av områda i departementet vart teke frå Lot (inkludert Montauban og Moissac), over ein tredje del vart teke frå Haute-Garonne (inkludert Castelsarrasin) og resten frå departementa Lot-et-Garonne, Gers og Aveyron.

Geografi

Departementet Tarn-et-Garonne ligg i regionen Midi-Pyrénées. Det grensar til departementa Lot, Aveyron, Tarn, Haute-Garonne, Gers og Lot-et-Garonne.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tarn-et-Garonne