Tarnów

Tarnów (tysk Tarnau; jiddisk טארנא-Turna) er ein by søraust i Polen med om lag 115 000 innbyggjarar.

Tarnów
Rådhuset på Hovudplassen
Rådhuset på Hovudplassen
Rådhuset på Hovudplassen
Flagget til TarnówByvåpenet til Tarnów
Flagget til TarnówByvåpenet til Tarnów


Plassering
Tarnów is located in Polen
Styresmakter
Land
Voivodskap
Polen
Veslepolske
Byrettar1330
BorgarmeisterRyszard Ścigała
Geografi
Flatevidd
 - By

72,4 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

117 109
  1618/km²
Koordinatar50°2′0″N 21°0′0″E / 50.03333°N 21.00000°E / 50.03333; 21.00000
Diverse annan informasjon
Postnummer33-100 til 33-110
Telefon-retningsnummer+48 014
BilnummerKT
Nettstad: www.tarnow.pl

Byen ligg i Veslepolske voivodskap, men frå 1975 til 1998 var han hovudstad i Tarnów voivodskap.

Historie

Byen vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1224. Han fekk byrettar i 1330. På 1200-talet flytta mange tyskarar frå Kraków og Nowy Sącz til byen. På 1500-talet kom òg mange skotske nybyggjarar til området. Han vart annektert av Habsburgmonarkiet og Austerrike i 1772 under den første delinga av Polen. Bispedømet Tarnów vart oppretta i 1785.

Under den første verdskrigen var byen viktig i den austerriksk-ungarske/tyske Gorlice-Tarnów-offensiven i 1915, ein militæroperasjon som endra situasjonen på austfronten og førte til at store russiske styrkar trekte seg tilbake. Etter krigen vart byen ein del av Den andre polske republikken i 1918.

Før den andre verdskrigen var om lag halvparten, om lag 25 000, av innbyggjarane jødar. Bortsett frå om lag 700 vart alle desse drepne av nazistane.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tarnów

Kjelder