Tannpleie
Tannpleie eller tannrøkt viser til det å ta vare på sine eigne eller andre sine tenner, til dømes ved å førebygga karies, periodontitt, tannkjøtbetennelse og andre plager. Andre funksjonar kan vera å reparera skader, retta opp eller forbetra tannstilling og pussa eller bleika tenner. Ein sjølv kan passa på tennene sine ved å reinska dei med til dømes tannkost, tannkrem, tannstikker, tanntråd og munnskyllevatn. Profesjonelle som driv med tannpleie er mellom anna tannlege, tannsjukepleiar og tannhygienikar. Det medisinske fagfeltet heiter odontologi.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/cd/Dentist.2.jpg/220px-Dentist.2.jpg)
Foto: Erik Christensen
Estetisk tannpleie
Estetisk tannpleie har som hovudmål å forbetra utsjånaden på tennene. Døme på slik tannpleie er tannbleiking, porselensfasader, kroner og tannregulering.
Kjelder
- «estetisk tannpleie» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landSpesial:SøkSpesial:Siste endringarØresundbruaNasjonaldyrVM i fotball 2022Det engelske herrelandslaget i fotballIngerid StenvoldAndre verdskrigenNicole KidmanTete LidbomWikipedia30. novemberFjellfolkVM i fotball 1966Wikipedia:KontaktEM i fotball 2004Sigrid HenjumEuropaCristiano RonaldoHotel Union ØyeEM i fotball 2021Det norske alfabetetKarsten WarholmTübingenVictoria av SverigeWikipedia:OmAnne-Sophie MutterSpeleautomatFrankrikeVaniljerotOlympiastadion i BerlinLønnGardasjøenKrøllalfaKnut den mektigeSynne VoHjelmelandsvågen