Tamara Todevska

Tamara Todevska (fødd 1. juni 1985), kjend under artistnamnet Tamara, er ein makedonsk popsongar. Todevska representerte Nord-Makedonia i Eurovision Song Contest 2008, og representerte landet på ny i Eurovision Song Contest 2019 med songen «Proud».

Tamara Todevska

Fødd1. juni 1985 (39 år)
FødestadSkopje
OpphavNord-Makedonia
Aktiv2003–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar

Bakgrunn

Todevska vart fødd i Skopje i Den sosialistiske republikken Makedonia i Jugoslavia. Faren hennar er frå Nord-Makedonia, medan mora opphavleg er frå Serbia. Systera Tijana Dapčević er òg ein kjend popartist i Nord-Makedonia.

Todevska deltok i Eurovision Song Contest 2008 saman med Rada Vrtsjakovski og Adrian Gaxha. Trioen song låten «Let Me Love You», men klarte ikkje å kvalifisere seg til finalen.[1] Ho deltok òg i den makedonske uttakinga til Eurovision Song Contest i 2007, men enda på andreplass med låten «Kazi koj si ti». I januar 2019 kunngjorde den makedonske kringkastaren MRT at Todevska skulle representere Nord-Makedonia i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel med songen «Proud».[2]

I januar 2019 vart Nord-Makedonia trekt til å deltake i semifinale 2 av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Nord-Makedonia hadde startnummer 14.[3] I avrøystinga vart Todevska blant dei ti beste i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai.[4] I finalen vann songen juryavrøystinga og enda på sjuandplass samanlagt, den beste plasseringa til Nord-Makedonia i Eurovision Song Contest til då.[5]

Diskografi

Album

  • Sino (2005)
  • Eden den (2015)

Referansar

Bakgrunnsstoff