Tamara Press

Tamara Natanovna Press[a] (10. mai 193726. april 2021) var ein sovjetisk friidrettsutøvar frå Kharkiv i Ukraina, som tevla i kulestøyt og diskoskast. Ho vann tre EM-gull og like mange OL-gull i tida 1958 til -64. Irina Press var den yngre systera hennar.

Tamara Press

Tamara Press under Sommar-OL 1964
StatsborgarskapSovjetunionen, Russland
Fødd10. mai 1937
Kharkiv
Død

26. april 2021 (83 år)
Moskva

Yrkefriidrettsutøvar
Språkrussisk
Høgd180 centimeter
Politisk partiSovjetunionens kommunistiske parti
Tamara Press på Commons

Aktiv

Tamara Press vart europameister i diskoskast under EM i friidrett 1958 i Stockholm. Ho sette då europarekord med 52,32 meter, men slo sølvvinnaren Stepánka Mertová frå Tsjekkoslovakia med berre 13 cm. Press tok så bronsemedaljen i kulestøyt med 15,53 m i sluttresultat, 21 cm bak europameisteren Marianne Werner frå Vest-Tyskland.

Til Sommar-OL 1960 i Roma hadde Press forbetra seg mykje i kulestøyt sidan 1958. Ho sette olympisk rekord frå kuleringen med 17,32 m og vann ein overlegen siger. I diskos fekk ho sølv, slått med to-ein-halv meter av landskvinna Nina Ponomarjova.

I europameisterskapen 1962 var Press utilnærmeleg i kuletevlinga. Ho sette verdsrekord med 18,55 meter, toaren Renate Garisch frå Aust-Tyskland stoppa på 17,17 m. Også i diskoskast tok Press ein suveren siger, over tre meter framom sølvvinnaren.

Press kopierte gullfangsten frå EM 1962 under sommarleikane 1964. I Tokyo vann ho ein klar siger i kuletevlinga, medan ho i diskos sikra seg gullmedaljen med ein margin på fattige seks centimeter til tyske Ingrid Lotz.

Merknadar

Kjelder