Takryttar
Takryttar er nemninga på små tårn som er plassert på mønet på bygningar med saltak og liknande. I motsetnad til vanlege tårn, er takryttaren eit oppbygg på sjølve takkonstruksjonen, det vil seie at han vert boren oppe av taket utan å ha eit sjølvstendig fundament. Takryttaren kan vere ein pryd i seg sjølv, eller han kan bere klokker eller vere utstyrt med urskive som syner tida for dei som er i nærleiken.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/cc/Aker_kirke_Illustreret_Nyhedsblad_1852.png/220px-Aker_kirke_Illustreret_Nyhedsblad_1852.png)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ef/Borgund_stavkyrkje_og_Borgund_kyrkje.jpeg/220px-Borgund_stavkyrkje_og_Borgund_kyrkje.jpeg)
Takryttarar er ofte å sjå på kyrkjer, men òg andre typar bygningar kan ha slike. Fleire av stavkyrkjene har takryttar. Men korkje i stavkyrkjene eller andre mellomalderkyrkjer med takryttar og ikkje kyrkjetårn, var det vanleg at kyrkjeklokkene var plassert i takryttaren. Vanlegvis hang klokkene i eit sæskild stativ, ein klokkestopul, attmed kyrkja.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- Gunnarsjaa, Arne (1999). «takrytter». Arkitekturleksikon. Oslo: Abstrakt forlag. s. 770. ISBN 8279350071.