Tadeusz Rut

Tadeusz Rut (11. oktober 193127. mars 2002) var ein polsk friidrettsutøvar frå Przeworsk som tevla i sleggjekast. Han vart europameister i øvinga i 1958. Rut døydde i Warszawa.

Tadeusz Rut

StatsborgarskapPolen
Fødd11. oktober 1931
Przeworsk
Død

27. mars 2002 (70 år)
Warszawa

Yrkesleggekaster, friidrettsutøvar
Språkpolsk
Høgd183 centimeter
Tadeusz Rut på Commons

Rut sette polsk rekord med 60,91 m under eit internasjonalt stemne på Bislett stadion i Oslo den 15. juni 1956, ein rekord han forbetra til 61,25 m på Fredrikstad stadion to dagar seinare, i begge tevlingane vart han andremannn etter verdsrekordhaldaren Mikhail Krivonosov.[1] Dei neste sesongane flytta Rut fleire gongar den polske rekorden i sleggjekasting. I 1958 vann han gullmedaljen i øvinga under europameisterskapen og i 1960 tok han OL-bronsen. Sin endelege personlege rekord på 67,07 meter oppnådde Rut i japanske Himeji straks etter dei olympiske sommarleikane 1964 i Tokyo, då hadde Olgierd Ciepły teke over som polsk rekordhladar i sleggjekast.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Notar

Bakgrunnsstoff

Kjelder