Søl
Søl eller sòl er ein vanleg raudalge i Noreg.
Søl | |
![]() Søl | |
Systematikk | |
Rekkje: | Rhodophyta |
Underrekkje: | Eurhodophytina |
Klasse: | Florideophyceae |
Underklasse: | Nemaliophycidae |
Orden: | Palmariales |
Familie: | Palmariaceae |
Slekt: | Palmaria |
Art: | Søl P. palmata |
Vitskapleg namn | |
Palmaria palmata |
Utsjånad
Søl er ein raudalge med stor formvariasjon. Vanleg er breitt lansettforma blad, og nokre er tokløyvde i toppen. Algen vert 1-2 dm lang, nokre kan verte opptil 5 dm. Frå det første skotet i midten har det neste vår utvikla seg eit nytt blad og dessutan sideblad. Fleire individ kan vekse ut frå same festeskive.
Utbreiing
Søl kan finnast på den europeiske atlanterhavskysten frå Portugal til Austersjøen og nordover til Færøyane og Island. Elles veks planta i arktisk Russland, i det arktiske og austlege Canada, i Alaska, Japan og Korea.
Førekomst i Noreg
Søl veks på stein, berggrunn og større algar frå nedre del av fjøresona ned til 15 m djupn. Arten finst langs heile norskekysten, særleg vanleg i vest og nord.
Bruk
Planta kan etast og har vore brukt til mat for menneske.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- (no) Søl hos Artsdatabanken
- (en) Søl – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Søl i Encyclopedia of Life
- (en) Søl i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Søl hos Dyntaxa
- (en) Søl hos ITIS
- (en) Søl hos NCBI
- (en) Kategori:Palmaria palmata – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Palmaria palmata – detaljert informasjon på Wikispecies