Synne Vo

norsk songar

Synne Vorkinn (fødd i 1998), kjend som Synne Vo, er ein norsk songar og låtskrivar frå Lesja i Innlandet.[1]

Synne Vo
Fødd1998 (26 år)
FødestadOppland fylke
FødenamnSynne Vorkinn
OpphavNoreg
Aktiv2018–
Sjangerpop
PlateselskapWarner Music Norway
Verka somsongar, låtskrivar

Ho er signert på plateselskapet Warner Music Norway.

Karriere

Vorkinn står bak låta «Gonna Be Alright» som var hovedlåta til spelefilmen Børning 3.[2] For denne låta fekk ho ein nominasjon til musikkforleggarprisen i 2021[3]

I 2021 vart Vorkinn nominert til årets nykommar på P3 Gull. Ho er låtskrivar på låta «Smilet i ditt eget speil» av Chris Holsten, som vann Spellemannprisen i kategorien årets låt, og to prisar på musikkforleggarprisen 2022: årets verk – populærmusikk og årets mest spela låt.[4][5] Vorkinn vart òg nominert til årets gjennombrot på musikkforleggarprisen 2022 .[6] Under P3 Gull i 2022 vart ho nominert i klassa årets artist.[7]

Diskografi

Songar

  • 2018: «Lær meg å leve»
  • 2020: «Ikkje tenk på meg»
  • 2020: «Gonna Be Alright»
  • 2021: «Ett Minutt»
  • 2021: «De e OK um du glømme me»
  • 2021: «Seksten»
  • 2021: «Spagetti for to»
  • 2022: «Heime»
  • 2022: «Lykke te»
  • 2022: «st.hanshaugen»
  • 2022: «desember»

Låtskrivar

  • 2021: Chris Holsten – «Smilet i ditt eget speil»
  • 2021: Audien – «Wish It Was You»

Prisar og nominasjonar

PrisKategoriForResultat
P3 Gull 2021Årets nykommarN/ANominert
Spellemannprisen 2021Årets låt«Smilet i ditt eget speil»
Utgjeve av Chris Holsten
Vinnar
Musikkforleggarprisen 2022[8]Årets mest spilte låtVinnar
Årets verk – populærmusikkVinnar
Årets gjennombrot – populærmusikkN/ANominert
P3 Gull 2022Årets artistN/ANominert

Kjelder