Surnadal kommune

kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg
(Omdirigert frå Surnadal)

Surnadal er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar til Heim kommune i nord, Rindal i aust og Sunndal i sør. Over fjorden ligg Tingvoll kommune.

Surnadal kommune
kommune
Utsyn over Surnadalsfjorden
Kommunevåpen
Land Noreg
FylkeMøre og Romsdal
Adm.senterSkei
Areal1 366,05 km²
 •  land1 322,26 km²
 •  vatn43,79 km²
Folketal 5 953  (1. januar 2024)
Målformnynorsk
OrdførarHugo Pedersen (Sp) (2023)
Kommunenr.1566
Kart
Surnadal kommune
62°56′51″N 8°46′12″E / 62.9475°N 8.77°E / 62.9475; 8.77
Wikimedia Commons: Surnadal
Nettstad: www.surnadal.kommune.no

Surnadal kommune ligg ved foten av Trollheimen. Han er sett saman av fleire dalar, med Surnadalen som den viktigaste. Dei mindre dalane er Bæverfjord, Bæverdalen, Bøfjorden, Østbødalen, Søyådalen, Todalen, Kvanne og Stangvik.

Frå Surnadal strekkjer det seg fleire seter- og fjelldalar langt inn i sentrum av Trollheimen. Det høgaste fjellet her er Snota, 1668 moh. Elva Surna renn gjennom Surnadal frå Rindal og vestover. Her blir elva forma i det største deltaområdet i Nord-Europa før ho renn ut i Surnadalsfjorden[treng kjelde]. Surna er rik på laks og er eit trekkplaster for bygda.

Det milde klimaet og jordsmonet gjer Surnadal til ein god jordbrukskommune. Økonomien er bygd på jordbruk, skogsdrift, industri og meir. Administrasjonssentrumet heiter Skei. Surnadal har ferjesamband med Sunndal over Kvanne–Rykkjem, og riksveg 65 går til Trondheim.

Surnadal er heimbygda til den nasjonalkjende diktaren Hans Hyldbakk, som har vore med på å gje bygda sterke kulturtradisjonar.

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for noverande Surnadal kommune frå 1920:

1.12.1920[1]1.12.1930[2]3.12.1946[2]1.1.1951[3][4][5]1.1.1961[3]
5887a6135a6703a6760a6554a
1.1.1971[3]1.1.1981[3]1.1.1991[3]1.1.2001[3]1.1.2010[3]
59796259639162485956
a Talet omfattar krinsen Ålvundfjord og grendene Åsprong og Sandnes, som var del av gamle Stangvik kommune fram til kommunesamanslåinga i 1965. Ålvundfjord vart då overført til Sunndal kommune og Åsprong og Sandnes til Tingvoll kommune. Desse områda hadde då 534 innbyggjarar til saman.

Kjende personar frå Surnadal

Bilete

Kjelder

Bakgrunnsstoff