Substitute

Substitute
Singel av The Who
B-side
  • «Circles (Instant Party)» (Storbritannia)
  • «Waltz for a Pig» (USA)
Språkengelsk
Utgjeve4. mars 1966(Storbritannia)
5. april 1966(USA)
Innspelt12. februar 1966
StudioOlympic Studios, London
SjangerPower pop[1][2][3]
Lengd3:47
2:59 (USA)
SelskapReaction (Storbritannia)
Atco (USA)
KomponistPete Townshend
TekstforfattarPete Townshend
Låtskrivar(ar)Pete Townshend
ProdusentPete Townshend
The Who-kronologi 
«My Generation»
(1965)
Substitute«A Legal Matter»
(1966)


«Substitute» er ein song av det engelske rockebandet The Who skriven av Pete Townshend. Han vart gjeven ut som singel i mars 1966 og nådde femteplass i Storbritannia. Ei ny utgåve av singelen nådde sjuandeplassen i 1976.[4]

I 2006 rangerte Pitchfork «Substitute» på 91. plassen på lista si over «dei 200 beste songane frå 1960-åra».[5]

Inspirasjon og låtskriving

«Substitute» var hovudsakleg inspirert av soulsingelen «The Tracks of My Tears» av Smokey Robinson and the Miracles frå 1965. Pete Townshend vart oppslukt av linja «Although she may be cute/She's just a substitute.» Dette fekk så Townshend til «å hylle ordet med ein eigen song.»[6]

Songen er ikkje berre kjend for den skarpsindige teksten, men for den intense bassen til John Entwistle (visstnok skrudde Entwistle volumet på bassen opp så høgt som han kunne utan at resten av bandet visste om det).

For den amerikanske singelen, som kom i april 1966, vart linja i refrenget «I look all white but my dad was black» endra til «I try walking forward but my feet walk back.»[4] Det komplette andreverset og refrenget vart òg korta ned på den amerikanske utgåva, slik at lengda vart redusert til to minutt og femtini sekund.[7]

Framføring

Songen har alltid vore ein favoritt hos fansen og er blitt spelt på dei fleste konsertane til The Who, skriv allmusic.[3] «Substitute» har i lag med «I Can't Explain» vore opningslåtane deira sidan 1971.[8] Songen finst på konsertalbuma Live at Leeds og Live at the Isle of Wight Festival 1970.[9]

Keith Moon hadde eit uklårt minne om innspelinga av songen og fortalde i eit intervju at han ikkje hugsa å spele på songen i det heile, fordi han var for neddopa. Då songen kom ut skal han ha skulda dei andre medlemmene i bandet for å ha leigd inn ein annan trommeslagar.

Salslister

Vekeslister

Liste (1966)Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[10]17
Nederland (Mega Single Top 100)[11]2
UK Singles (Official Charts Company)[12]5
Tyskland (Media Control AG)[13]13

Andre utgåver

Songen har vorte spelt av mellom andre punkrockgruppa The Ramones på albumet deira Acid Eaters og vart gjeven ut som singel av Sex Pistols. Det engelske rockebandet Blur spelte òg songen i 1994 på eit hyllestalbum, Who Covers Who?

Kjelder